Vente, blinke

#moldvarptips

Skjermbilde 2017-06-11 kl. 23.58.33I 2009 sat eg i solveggen med ei kvit, men fargerik, pocketbok i hendene. Vente, blinke av Gunnhild Øyehaug. 

Skjermbilde 2017-06-12 kl. 00.01.26Ei bok som tvinnar saman ulike historiar, slik mange har gjort før, men fortald på ein nokså unik måte. Øyehaug klarar liksom å skildre det me alle har tenkt og følt på, i karakterar me eigentleg ikkje liknar på i det heile. Eller kjenner oss altfor godt igjen i.

Skjermbilde 2017-06-12 kl. 00.02.19

Skjermbilde 2017-06-12 kl. 00.02.35

Skjermbilde 2017-06-12 kl. 00.09.39

Skjermbilde 2017-06-12 kl. 00.07.47

Lenge har eg visst at det skulle lagast om til ein film, og NRK leverer sjølvsagd og har lagt den ut på nett-TV no. Gå inn og sjå den no, før den forsvinn!

Skjermbilde 2017-06-12 kl. 00.03.33Filmen var nett slik eg venta og har klart å bevara sinnstemning og kjenslene frå boka. Øyehaug har forteljarstemma noko som sjølvsagd ikkje skadar. Skodespelarane er kjende og kjære, og hovudrolla ny for dei fleste. Dei spelar godt og ærleg, og passar svært godt i karakterane sine.

Skjermbilde 2017-06-12 kl. 00.08.29Når ein har lese ei bok som blir film er det veldig fort for å bli skuffa. Heldigvis gjaldt ikkje det denne. Sjå «Kvinner i for store herreskjorter» på NRK no!

 

Advertisements

Ingen er fri før alle er fri

I dag har eg omlag 100 000 tankar og idéar og opplysingar eg vil dela til alle. Om feminisme, likestilling og alle kampane som har blitt kjempa og som endå gjenstår. Men sidan eg syns likestilling er eit kvardagsprosjekt, skal eg spara desse til seinare. I dag er det nok av gode artiklar, blogginnlegg og kronikkar som er verd tida di.

Eg vil likevel dela dette:

1Web-Background-Image-IMG_4944

Det slår meg kor uendeleg heldig eg er, og kor mykje feministane før meg har gjort for at mitt liv er så bra som det er. Tenk å ikkje kunne få stemme, ha eigen eigedom, ikkje telle som myndig, berre bli vifta bort som hysterisk og dum, å ikkje få jobbe, å bli valdteken med «rette» fordi det var ektemannen din som gjorde det, å ikkje få gå på skule eller ha like stor rett til å læra som gutar.

Tenk at eg kan skrive dette og kva eg vil, utan å vera redd for livstruande konsekvensar. At eg kan elska den eg vil, utan å vera redd for konsekvensane frå familie og samfunnet rundt meg. For at eg kan anmelde kjønnsdiskriminering i arbeidslivet. For fridomen som har blitt kjempa fram for meg.

quote-human-rights-are-women-s-rights-and-women-s-rights-are-human-rights-let-us-not-forget-hillary-clinton-84-22-59

I dag tenker eg på alle i Noreg og verda som ikkje har desse fridomane, og på alle som kjempar for at desse skal bli universelle rettar som er oppfylde. Eg tenker på alle som reiser seg, og ikkje let seg halda nede. Alle dei sterke damene og mennene som skal kjempa vidare for rettigheitar og fridomar. For menneskerettar for alle.

1-ELIZABETH-WARREN-facebook

Så i dag er oppfordinga mi: Stå opp for det du syns er viktig, og la stemma di bli høyrd. For dei som har kjempa for deg, for deg sjølv og for dei som ikkje har høve til det sjølv. Ingen er fri før alle er fri!

enhanced-11646-1400963807-14

Ei historie om krafta i mennesket

Aschehoug.jpg

På fredag fekk me heimeoppgåve i litteraturfaget eg tek, om å analysera og tolka ei novelle av Liv Køltzow. Liv Køltzow? tenkte eg, og googla etter svar.

Dei fleste har nok høyrd om Dag Solstad og Jan Erik Vold frå Profil-krinsen, som var svært aktuelle i det litterære miljøet på 70-talet. Det i alle fall ikkje eg visste, var at Liv også var del av denne krinsen. Del av det modernistiske og banebrytande litterære miljøet. Ho var ei viktig stemme i litteraturen, og snart også spesielt for kvinnelitteratur og feminisme.

Eit stykke inn i googlinga, dukka ein NRK-dokumentar opp: Livs liv.

Den såg eg ferdig for tre minutt sidan, og eg kunne ikkje vente med å setje meg ned å skrive.

I psykologiens høgtid er det blitt svært populært med seriar som omhandlar sjukdom og unge som filmar seg sjølv, og fortel til sjåarane. Slik sett glir denne dokumentaren rett inn, i eit slikt «selfie»-filmande univers, med rå og ekte beretningar. Det uvande er at det er ein rundt 60 år gamal forfattar, som fortel om vanskane med parkinsons og å skrive ein roman.

Skjermbilde 2017-02-22 kl. 01.24.50.png

Ein gløymer ofte, i alle fall eg, korleis eldre folk eigentleg er nokså like oss litt yngre. Like fulle av indre liv, lyster og tankar. Sjukdomen parkinsons er noko eg aldri reflekterer over, så langt frå mitt eige liv og horisont.

I dokumentaren får vi innblikk i råopptak frå mobilen til Liv, og frå filmteamet. Ei lita innsikt i alt dette. Ho dansar naken og fri, men gret seg óg gjennom kampen det blir berre å kle på seg.

Skjermbilde 2017-02-22 kl. 01.24.58.png

Eg ville sjå dokumentaren for å få eit betre innblikk i livet hennar, mest for å ha eit betre utgongspunkt til å skrive oppgåva mi, og kanskje for å bli betre kjend med ein av dei store forfattarane Noreg har fostra.

Eg endte opp med ein stor respekt for krafta i mennesket. Denne rå dama, som eg ser opp til og beundrar. Som har levd eit spanande liv, med viktige bidrag til den litterære verda og samfunnet. Denne dama som er så ærleg og modig, som samstundes også kan vera sårbar, åleine og makteslaus. Og like etter, så sterk og klok.

Skjermbilde 2017-02-22 kl. 01.24.39.png

Så dagens oppfordring: Sjå dokumentaren her:

Skjermbilde 2017-02-22 kl. 01.20.58.png

(PS. Du har heldigvis to år på deg, om prokrastinøren skulle slå inn)

musikk, musikk, musikk

Dei siste vekene har det vore veldig mykje musikk i livet mitt. Det plar det alltid vera, men litt ekstra no altså.

Det starta med korhelg og korjubileum for nokre veker sidan, der me var 100 stykk som song saman. Fantastisk og fint å kjenna samhaldet bare korsang gir! Tenk at ein kan musisera som eí stemme, sjølv med så mange folk og harmoniseringar…

Eg har óg funne litt tilbake til pianospel og song, og har sete (sitja, sat, har såte?) og klimpra nokre kveldar. Eller berre sunge for full hals saman med høgtalaren i stova. Særleg fint har det vore å gjenoppdaga gamle skattar:

SONGTIPS14.feb-17.png

På sundag slappa eg av med litt TV-tid, og kom over dokumentaren om Carole King som ligg ute på NRK no. For ei dame! Fyrste gong eg høyrde ei Carole-låt var eg kanskje 11 år gamal, og minst lika krøllete som andletet som lyste mot meg på iPoden. Ho var så kul! I feel the earth move, rista verkeleg som om verda var med, og det gjekk til og med an å spela kult på piano! Sidan då har ho sjølvsagd stått hjarta mitt nært, men som med så mange andre fine artistar, hadde ho gått litt i gløymeboka. Eg sette på dokumentaren og etter knapt eit minutt var eg heilt overgidd. Carole King overgjekk alle mine forventingar. Ho har jo skrive alle moglege kjende hits, for andre, før ho sjølv vart kjend. I tillegg vart ho oppdregen som sterk og sjølvstendig, sjølv i eit kjønnsdelt samfunn på 50-talet, og levde ut dette heile livet. Engasjert i viktige ting, og heilt ekte i formidlinga. Forbilete!
Sjå dokumentaren asap: HER.

3c25eb07-5b4d-497b-b6f4-a3c88c23ff86.jpeg

Og som eit siste pling på toppen, kom Sigrid.

Ein gong på seinsommaren i 2014 høyrde eg ei låt som traff danseføtene mine umiddelbart. Eg har ikkje tal på kor mange gonger eg har dansa lukkeleg til Known you forever. Eg gjekk rett inn på artistsida på Spotify, og fann ikkje fleire songar! Så såg eg at ho var 17 år, gjekk på vidaregåande og kanskje ikkje hadde rukke å laga så mange låtar. Ehe. Men no, endeleg, er ho tilbake! Låta har til og med fått heidersbetegnelsen «Hottest record in the world» frå BBC. Eg kom over den gjennom Christine på P3, der dei var like gira over låta. Perfekt vårlåt! Don’t kill my vibe

 

Vinter i Bergen

Det var ein gong  dag det var vinter i Bergen. Det var isande kaldt på kinna, akkurat slik at alle kunne sjå at ein hadde vore ute, på dei varme, raude eplekinna. Rundt halsen låg eit stort og varmt sjal eg fekk frå tante for snart 10 år sidan. I jakkelomma låg mobilen med Tusivk & Tønne gjennom øyreproppane. I handa: eit kamera.

img_9568img_9561img_9532img_9493img_9584img_9639

Når verda går på tryne

Skjermbilde 2017-01-18 kl. 21.18.07.png

FOTO: BBC (skjermdump frå NRK)

No er det uverkelege skjedd og Trumpnissen er blitt president. I slike deprimerande tider, når ein ikkje kan gjera noko, er det berre å prøva å tenka på noko anna. På NRK har dei nyleg lagt ut att BBC-serien om Obama: Inside Obama’s White House. Her blir me tekne med på dei store sigrane og dei harde stundene i eit historisk presidentskap.

For ein mann, og for nokre folk han har hatt med seg! Og mot seg. Det er i alle fall oppløftande å sjå korleis han heile tida har tenkt: Drit i å bli gjenvald, dette er viktigare for nasjonen og historia. Med folket i fokus. Dei aller siste dagane som president viste han seg nok ein gong som ein som står for ting, og tok mange store avgjersler som kanskje ikkje var så «safe».

Samstundes som det er oppløftande å bli opplyst om desse viktige åtte åra, er Obamacare-saka verkeleg minst like aktuell. Ein kan ikkje anna enn å prisa seg over at Noreg framleis ikkje er like redde for litt sosialisme, som amerikanarane kan synast å vera.

Sjå serien her: Obama – åtte år som president

Ny frisk

16251250_10154141690921232_2106779748_o.jpgStarten på dette året har verkeleg vore eit mål eg har sett fram til lenge. Januar 2017 skulle vera starten på eit nytt og betre liv. Studielån, jobb, leseplanar og ein idé om å faktisk greia å trena fast. Dette skal eg klara!

Det går ganske greit så langt, men så er me jo trass alt berre komne 23 dagar inn i det nye året, og alt kan enno skje. I studiet skal me lesa ein heil horv med bøker, drama og dikt og i eit forsøk på å motivera meg sjølv lasta eg i går ned appen til Goodreads. Har hatt konto der i åravis, men alltid likt bokelskere-miljøet så godt at eg har gløymd heile Goodreadsen.

16231406_10154141654126232_630636818_o.png

Goodreads har forgjeves prøvd å få meg til å setje mål for både 2015 og 2016 utan hell. Third time’s a charm?

Etter å ha logga meg inn og «approved» omlag 15 venneforespurnadar, la eg inn mi fyrste bok: Funny girl. Sjølvsagd ironisk at eg ikkje tok ei av pensumbøkene, men eg har óg lyst til å lesa meir generelt, så eg starta her. Gler meg til å sjå om dette kan halda oppe motivasjonen, og kanskje gi litt struktur.

Add meg gjerne: her.

Har du goodreads eller andre oversiktar over kva du les? 

Women’s March Bergen

16112642_1537616682945879_8111656567081368636_o.jpgI dag kjem damer og menn over heile verda saman, for å demonstrera mot Trump og hans haldningar og i solidaritet med alle kvinner i USA.

I Facebook-eventen skriv arrangørane:

Gjennom den amerikanske valgkampen har vi blitt vitner til en uakseptabel retorikk om kvinner, religion, innvandring og klimautfordringer. Vi vil sende et tydelig budskap til den nye amerikanske administrasjonen, og til verden, om at kvinnerettigheter er menneskerettigheter. Vi vil samle så mange mennesker at vi blir for mange til å ignoreres.

Women’s March Norway i Bergen marsjerer i solidaritet med våre søstre i Washington, D.C., for å uttrykke våre felles verdier: Likestilling, mangfold, inkludering, klima og et bærekraftig miljø.

Bli med i Bergen eller finn ein demonstrasjon i nærleiken av deg!

Bergen: Lørdag den 21. januar kl. 16

Takk 2016, velkomen 2017

Internasjonalt har dette året på mange måtar vore utruleg dritt. Samstundes kan ein jo lura på kor mykje betre det blir til neste år, når Trump faktisk trer i kraft til dømes.. Personleg har 2016 vore eit nokså bra år!

Reist til I Noreg har det blitt nokre turar til familie og svigers hit og dit. Elles har me vore på kjærastetur til Paris med crepes, sneglar, fondue, eiffeltårnet i solnedgongen og drikking av altfor billig kioskvin i ei bakgate.

Kortur til Praha med pladask forelsking av byen og korkonkurranse med kjekke korvener.

Lytta til

Her er hushaldninga sine topp 100 låtar i år ❤

Topp tre for meg: Hymn for the weekend – Coldplay, Leyndarmál -Ásgeir Trausti og E-ore – Eva Weel Skram

Sett på Orange is the new black, SKAM, og masse Marvel-filmar blant anna

Forelska i Finaste Jonas og ideén om oss for alltid. Leiligheten vår med varme og lys, både bokstaveleg og metaforisk. Sommar i Bergen med sjø i håret og gras under nakne tær. Vakraste Hegra i sommarsola. Den overdådige Napoleons-leiligheten i Paris. Whiskey som faktisk kan vera godt. Fretex. Kjolen frå Oasis som eg eigentleg ikkje hadde råd til. Hundekos. Levande lys. Teikning. Lått.

Noko eg er stolt over Absurd, men det må vel nemnast: at eg tok alle eksamenar i haust, og det gjekk til og med ganske greit!

Noko eg kunne vore betre på Har blitt betre på det, men det kan jo alltids bli endå betre: ikkje trekke meg på ting. Ringe og halde kontakt med vener, spele meir piano og trene.

Kva eg gler meg til med 2017 Nytt år, nye høve! Og det er digg. Elles skal med til Kroatia i ferien, og for fyrste gong på litt for lenge går økonomien sånn cirka opp kvar månad. Sjå og oppleve endå meir, og leve endå meir!

Kva vil eg gjer meir av i året som kjem Høyre på Leonard Cohen, skrive songar, teikne meir, ta meir bilete, studere meir jamnleg, ver meir positiv og leve!

Håpar alle får ei fin nyttårsfeiring, og eit godt nytt år!

Tenn lys

15536966_10154039761431232_240570319_o

Aleppo

På sundag song eg óg Tenn lys, men i år traff dei siste orda meg ekstra hardt. I dag har me høyrt og sett endå meir, og det er verkeleg ikkje mogleg for meg å finna fram ord til å skildra kjensler og tankar. Men eg syns me må snakka om det og Sigrid Bonde Tusvik greier å fanga den makteslausa eg føler, i møtet med bileta og orda frå Aleppo og Syria.

Her er apellen til Tusvik frå fakkeltogssamlinga framfor Stortinget i kveld, henta frå Dagsavisen:

Jeg vet ikke hva vi skal gjøre! For jeg tror neimen ikke det er vi som lenger kan gjøre noe som helst, annet enn å tviholde på den solidariske tanken om at alle mennesker er like verdt.

Jeg vet ikke hva vi skal gjøre annet enn å vise de vi har valgt som våre ledere at vi håper de også ser at vi snakker om mennesker bak hvert tall. At det å lese om EU-direktiver, det å gi land bøter eller å bygge murer og all annen politisk uenighet ikke slår det å se et barneansikt bli dratt ut av ruiner med støv og blod over hele kroppen. Mens vi roper: få de sivile ut.

Jeg vet ikke hva vi skal gjøre annet enn å godta at vi føler på kroppen at mennesker trenger hjelp og er på en desperat flukt. At vi kjenner på oss at jeg heller ikke vil bo i en iskald nedlagt fabrikk uten strøm, vann og toalett, med tusener av andre desperate mennesker. Og at vi samtidig føler maktesløshet, redsel for å miste det vi selv har, og redsel for å ikke kjenne framtida.

Jeg vet ikke hva vi skal gjøre annet enn å lese om Afghanske barn og familier som deporteres tilbake til et land vi brukte femten år på å ikke skjønne oss på. Et land den aserbajdsjanske ambassadøren bønnfaller oss å ikke sende kvinner og barn tilbake til. At vi leser om branner og overgrep i leirene i Hellas, at vi leser gang på gang den patetiske setningen om å hjelpe til i nærområdene. Som om ikke hele verden hjelper til i de såkalte nærområdene? Jeg vet ikke annet enn at å lese om dette hver dag, gjør noe med meg som menneske, selv om jeg er en av den heldige.

Jeg vet ikke hva vi skal gjøre annet enn å være stolt av at vi fortsetter å hyle om godhet og humanisme. At vi er de som håper at alle skjønner hva slags krise dette er, og at det ikke er en skam å kjenne på de følelsene det vekker, istedet for å lese seg opp på statistikk.

Jeg vet ikke hva vi skal gjøre annet enn å tenne tusen lys for folk på flukt. Og å sitte rundt søndagsbordet og synge det tredje verset av adventsverset.

Tre lys skal flamme for alle som må sloss. For rettferd og for frihet. De trenger hjelp av oss.

Må ingen miste motet før alle folk er ett.

Tenn lys for dem som kjemper for frihet og for rett.

Jeg vet bare én ting, og det er at mennesker som hjelper hverandre vil vinne til slutt, og da er det opp til deg selv å kjenne på hva du gjorde før det var for sent.og jeg vet at selv om jeg følte at jeg ikke strakk til, kan jeg si når datteren min spør meg om ti år – hva gjorde du for flyktningene? -jeg var her- sammen med dere.

Julie & Julia (2009)

#moldvarptips

Julie and Julia – ei lita perle av ein film/inspirasjonsbombe

Her ein kveld skulle eg sette på ein film, for å berre ha noko å sjå på medan eg kunne putla med teikning og fargelegging. Det viste seg å bli vanskeleg. Raskt vart eg sugd inn i filmen, og ikkje minst stemninga i filmen. Det var nesten så ein kunne kjenne lukta av deilig mat gjennom skjermen…

Skjermbilde 2016-10-10 kl. 16.33.28.png

Filmen er i stor grad biografisk og basert på sanne hendingar. Som jo er elsk. Den handlar om Julia Child, kjend amerikansk kokebok-forfattar på 60-talet, og Julie Powell som prøver å finne vegen som forfattar på 2000-talet. Gjennom kokeboka møtes liva deira, og me blir tatt med tilbake til Paris på 60-talet og inn i moderne tid i USA. Liva deira vert skildra parallelt, og eit fint fortellar-grep.

Skjermbilde 2016-10-10 kl. 16.33.48.png

Eigentleg vil eg ikkje sei noko meir om filmen og plottet, det må berre opplevast. Stemningen er så autentisk og sjarmerande, og eg ville ikkje at den skulle vere ferdig. Ville berre fortsette å leve litt til i denne verda. Sjølv visste eg (heldigvis) ingenting om filmen før eg såg den, anna enn at den hadde fått 7,0 på imdb, og at Meryl Streep spelte hovudrolla. Elskar å vite minst mogleg, å berre bli teke med på det som skjer, utan noko aning om kva plottet er eller korleis det vil gå.

Skjermbilde 2016-10-10 kl. 16.30.15.png

Eg lo høgt fleire gonger gjennom filmen, var på gråten og sat igjen med ein enorm inspirasjon. Både på kokkelering, men og som ein generell kreativitets-boost. Og eit smil om munnen.

Skjermbilde 2016-10-10 kl. 16.29.50.png

Anbefalast!

I’m back!

Etter verdens lengste pause, er eg no tilbake. Lang tid med hefitg forelskelse og distraksjonar, har lagt seg i ein litt meir permanent og stabil elsk, med rom og tid for å gjere meir «meg»-ting. Eg har starta nettbutikk, og kosar meg med småputling. Elles er eg stadig student, og stadig på jakt etter den perfekte studiekvardag og sjølvdisiplin.

giphy.gif

Eg vil framleis skrive om litt av kvart, som rører meg. Elles blir det tips og triks, og freebies som før 🙂

Livet (nestan) utan smarttelefon

No har eg flytta inn i ein liten studenthybel her i Bergen. Men med mykje farting att og fram, bortlåning av Mac-en og ein smartmobil som berre virkar når den vil, har eg ikkje komt meg ordentleg «online» endå.

Og det har vore så deilig!

Eg har lese meir Brått fekk eg meir tid til å lesa, noko som fortsette sjølv om eg ikkje er heime utan internett. På bussen, på ferja, på Kvarteret og andre plassar. Eg hadde heilt gløymd at det går an å gå medan ein les, det har eg sikkert ikkje gjort sidan eg var 13 år gamal!

read-books

Eg har sett mindre hjernedødt, og meir smart på TV Eg har vore så heldig at eg leiger med TV. Dette vil sei at eg på ny har fått oppleva å ligge på senga og shuffle gjennom kanalane. Og enten er det ein kjekk dokumentar på NRK, eller så er det berre kjedelege seriar og eg skrur av. Med internett har ein jo berre ein evig straum av favorittseriane tilgjengeleg heile tida, heile døgnet.

Når eg er heime hos mamma og pappa i helgane oppdaterer eg podcast-lista mi, og for å ikkje berre ha noko å høyra på har eg også lasta ned TEDtalks. Så mykje gøy og interessant!

Eg har fått meir påskudd til å gå ut og gjera ting Let’s be honest, det kan bli ganske kjedeleg åleine i ein pitteliten studenthybel. Særleg utan internettilgong. Så av og til har eg teke med meg iPaden, sete meg på bussen og tura ned til Kvarteret for å få internett, sjå ein episode av eittelleranna, sjekka mail osv. Eller gått på ulike arrangement og konsertar og prata meir med vener.

1163

Eg har teke fleire bilete og vore meir i nuet Fram med kompaktkamera eller speilrefleksen. Ta det bilete på konserten og så legge ned kameraet. Ikkje tenka på hashtags, ein vittig kommentar og kva filter som passar best.

music_concert-wallpaper-800x600

Joda, eg har jo hatt litt internett. Men hallo, kven greier seg vel heilt utan 4G, når ein har 4G?

Funniest_Memes_home-is-where-your-wifi-connects-automatically_5160

 

 

Korleis blogge

4gifs.com-GET-OUT-GET-OUT

No skal ikkje eg akkurat skryte på meg noko fotballfrue-bloggstatus. Men eg har likevel fått fleire erfaringar og lærdomar av å halde på å skriva for de 10-20 som stikk innom bloggen av og til. Så eg tenkte eg kunne dela litt her. Tips og triks og erfaringar:

1) Finn tre (maks) tema som interesserer deg spesielt, ein av dei kan gjerne vere eit slikt som med jamne mellomrom blir litt aktuelt. Slik har du i alle fall eitt tema som alltid kan skrivast om.

content-marketing

2) Følg andre bloggar! Les, kommenter og lær av dei du ser opp til. Ein kjempefin muligheit til å bli kjend med nye tankar og folk.

3) For å ikkje gå tom for inspirasjon og innhald er det lurt å skrive kladdar kvar gong du kjem på noko lurt! Då er det lettare å få kontinuitet i kor ofte du postar innlegg, og enklare å skriva vidare på noko om du skulle mangla idear ein dag.

michaelscott

4) Sjekk statistikken, sjå kor lesarane dine fant deg og bruk denne informasjonen

blogging-is-like-theatre-overly-attached-girlfriend-meme-300x278

5) Sørg for at du har eit estetisk design. Oversikteleg, men likevel med karakter og personlegdom

6) Ha ei «bli kjend side»

7) Bruk merkelappar, kategoriar og stikkord flittig på innlegga dine!

8) Ikkje blogg bare fordi du føler du må ha så og så mange blogginnlegg i veka. Det er betre med litt færre, men gode innlegg.

blog

9) Lag ei facebook-side eller ein anna kanal å vise bloggen gjennom.

10) Prøv å gjere ting visuelt. Bloggverda er ein stad der det vert scrolla mykje og raskt.

Blog-meme-2.0

 

Ein shout-out

For nokre dagar sidan skreiv eg om kor mykje stigma som er assosiert med å kalla seg feminist. I den forbindelse synst eg det kunne vera fint å trekka fram dei som gjer ein god innsats for å variera dette inntrykket. For det er mange som skriv og bloggar om dette temaet, og som ofte er veldig flinke. Problemet er likevel at det ofte blir gjort på ein veldig lite tilgjengelig måte. Med veldig mykje, tung tekst og skrive for medfeministar. Men då blir det jo også sjeldant andre enn folk som allereie er godt engasjert i feminisme, som les dette og diskuterer. Eg vil gjerne at fleire skal få møte feminismen, bli bevisste og  velgje om dei vil kalle seg feministar og om dei meiner feminisme er viktig i dag og. Men for å kunne ta eit opplyst val og bli bevisst må ein altså bli møtt med holdningar og syn som kan «hjelpa dei» på vegen. Då må nok dette gjerast på mykje meir tilgjengelege måtar, og utan noko press og ovanfrå-ned-haldning.

logo-under-arbeid-feministisk-tidsskrift

Og det er her me kjem til overskrifta og grunnen til at eg skriv dette innlegget. Eg vil rett og slett gi ein stor shout out til Under Arbeid. Eit feministisk tidskrift skriven av mange ulike forfattar.

Skjermbilde 2014-04-12 kl. 18.24.22Dei skriv enkelt, underhaldande men og bra og presist om ulike feministtema. Dei skriv om dagsaktuelle eller evigaktuelle tema, skriv om tankar rundt det å vere ein bevisst feminist, og fortel om feministrelaterte arrangement og hendingar. Men ikkje minst har dei teke innover seg internettkulturen og lesarane av 2014. Me likar linkar, filmar, gif’s, bilete og anna knask. Som er underhaldande, men samtidig opplysande.

Dette gjer at kven som helst kan (og får lyst til) lese desse artiklane, og bloggpostane. Kven som helst kan bli underhaldt, opplyst og delta i diskusjon etterpå.

Tusen takk for at de hjelp til med å gjera feministomgrepet litt meir opplyst, og variert frå det samfunnet ofte ser ut til å blanda med anti-feminist-definisjonen.

anti-feminist-robertson

 

Du kan jo byrje med å lese «Til deg som er usikker på hva det er du føler på: kanskje du er feminist?»
malefeminist

Så; UnderArbeid, takk og stå på vidare!

thumbsup-alec