Ny frisk

16251250_10154141690921232_2106779748_o.jpgStarten på dette året har verkeleg vore eit mål eg har sett fram til lenge. Januar 2017 skulle vera starten på eit nytt og betre liv. Studielån, jobb, leseplanar og ein idé om å faktisk greia å trena fast. Dette skal eg klara!

Det går ganske greit så langt, men så er me jo trass alt berre komne 23 dagar inn i det nye året, og alt kan enno skje. I studiet skal me lesa ein heil horv med bøker, drama og dikt og i eit forsøk på å motivera meg sjølv lasta eg i går ned appen til Goodreads. Har hatt konto der i åravis, men alltid likt bokelskere-miljøet så godt at eg har gløymd heile Goodreadsen.

16231406_10154141654126232_630636818_o.png

Goodreads har forgjeves prøvd å få meg til å setje mål for både 2015 og 2016 utan hell. Third time’s a charm?

Etter å ha logga meg inn og «approved» omlag 15 venneforespurnadar, la eg inn mi fyrste bok: Funny girl. Sjølvsagd ironisk at eg ikkje tok ei av pensumbøkene, men eg har óg lyst til å lesa meir generelt, så eg starta her. Gler meg til å sjå om dette kan halda oppe motivasjonen, og kanskje gi litt struktur.

Add meg gjerne: her.

Har du goodreads eller andre oversiktar over kva du les? 

Punktjournal – svaret på alt?

bulletjournal.gifI helga starta eg på prosjekt Punktjournal. Etter å ha lese meg opp lenge på kva dette eigentleg er, var eg framleis ikkje overbevist. Men etter ein dag, er eg foreløpig veldig overbevist!

Så, kva er dette: punktjournal?

  • Planleggar, dagbok, kladdebok, og eigentleg det du vil det skal vera.

Eg elskar almanakkar og kalendrar, og har alltid ein ny for kvart år. Like gledeleg og iherdig set eg i gang. Brått er det gått fire månadar, og boka har lugge i ei hylle og støva ned. Eg har ikkje brukt den, og den har ikkje fått gjort oppgåva si.

I ein punktjournal startar du med heilt blanke ark, bokstaveleg talt. Du kan bruke kva som helst av notatbøker og liknande. Berre finn noko, så er du i gong. Dette er nemleg magien med punktjournal: du startar nett når du vil, utan å måtte vente på nytt år eller ny månad. Du brukar berre dei sidene du vil, på det du vil, og slepp å ha dårleg samvit for dei tre vekene som berre forsvann. Sidan du bestemmer alt, er det og fint rom til å ha hugselister, ønskelister, teiknesider, og alt du kan tenka deg, innimellom det ordinære almanakk/kalender-baserte. Du kan òg legge opp kalenderen, akkurat slik det passar deg best. Funka det ikkje? Skift neste månad.

For min del er det desse tre punkta som har gjort meg mest seld på ideèn:

  • Ynskje om å skrive dagbok, men erkjenninga av at kvar gong eg prøver å starta ny dagbok, gløymer eg det eller så sluttar eg fordi det kjennes for krevjande å sette seg til å gjere.
  • Ynskje om å tilpassa almanakken. Dette har eg allereie prøvd på i mange år, med heimelaga almanakkar. No har eg verktøya, og det har gitt så mange a-ha-opplevingar!
  • Ynskje om å kunne drodle og skrible ned ting eg berre må få ut og ned på papir, utan å måtte ha med ei ekstra bok eller føle at eg kludrar til almanakk-/dagbok-sidene.

I ein punktjournal er alt dette veldig lett å kombinera.

No har eg nett starta med dette, og kjem garantert til å få fleire a-ha-opplevingar, som eg gjerne deler vidare når den tid kjem. Foreløpig er dette mine tips på å starta med punktjournal:

  1. Finn deg ei bok du likar – størrelse, hefting og papirkvalitet er viktigast.
  2. Finn ut kva du vil bruke boka til – og kor mange aspekt av livet du vil samle i samme bok. Har du ein kreativ og krevjande jobb, eller tunge studiar kan det kanskje vera ein fordel å ta det i ei eiga punktjournal.
  3. Kikk litt rundt på instagram/pinterest og få inspirasjon – OBS: her er det lett for å bli overvelda av alle artsy fartsy-sidene ein finn. Det treng verkeleg ikkje vera så prydeleg: du bestemmer! (Søk på bullet journal, for å få opp internasjonale treff)
  4. Sett av to sider til innhaldsfortegnelsen, skriv opp nokre sidetal i boka og begynn med det du vil.

Sjølv har eg (foreløpig) gjort det slik:

INNHALD

  • Månadsoversikt (oktober, november, desember)
  • 2017
  • Ad fontes (er PR-sjef i studentpuben, og må hugse ein del ting)
  • Å gjere – ein gong (ting som eg må hugse å gjere, men som endå ikkje er sett til ein spesifkk dato/veke)
  • Sitat (Elskar når folk seie morosamme ting, så dette er kosesida mi)
  • Bøker lest – filmar sett (Likar å ha eit overblikk over kva som blir tatt inn av kultur. Skriv ein setning om boka/filmen/serien osv)
  • Postadresser (Har lyst til å bli flinkare til å sende brev og pakkar – dette er forhåpentlegvis ekstra inspirasjon og motivasjon)
  • Ønskeliste (sidan eg aldri kjem på noko når nokon spør, men alle ønsker seg jo noko)
  • Vekesoversikt
    • Veke 41 og foreløpig: Måndag 10.oktober.
      • Her har eg lagt inn vêr, temperatur, dagens spanske (prøver å læra meg ein frase kvar dag), og det eg elles treng å hugse i dag. Noterer kva eg har gjort (dagbok i kortversjon).

This slideshow requires JavaScript.

Akkurat no har eg ikkje gjort noko meir kunstnarleg ut av det enn eg har gidda, som ikkje har vore så mykje, fordi eg har fokusert meir på å berre få på plass det eg ville. Det fine er at om eg skulle vera i det kreativet hjørnet, er det alltid rom for det òg.

Mitt tips: Begynn med punktjournal – og ikkje bli overvelda av andre: ta det på dine premiss! Det er jo tross alt poenget. Lukke til!

Genial studentdekor

Etter ein tur i bokhandlaren i dag, slo det meg: dette er jo genialt! Mange av oss bur gjerne nokså stusseleg, det skal jo vera billig! Måleri, dyre rammer, lerret og liknande kan fort bli for dyrt om det er slik ein vil pynte opp i heimen. Men, i have good news!

GRa7fIM

No i januar og utover kjem bokhandlarane til å selgje ut kalendarar ganske rimeleg. I det eit år er i gong, er det liksom ikkje like attraktivt å kjøpe kalendrar. Mange av desse kalendrane har fine motiv, i passeleg storleik (ein kan jo kjøpa dei storleikane som passar for seg).

DSCF5131

Riv ut arka forsiktig, finn litt grøn «tack it» og plasser der du vil på veggen. Dette er sjølvsagd også genialt fordi mange av oss leiger og har ikkje høve til å berre spikra opp for å henge opp eit innramma bilete. I kvar kalender har du jo 12 motiv, heng opp det du vil og skift ut når du vil.

DSCF5133

DSCF5136

Kos deg med ein litt koseligare studentheim!

self_high_five

Dei glade 20-åra! …eller?

Dei siste dagane har det plutseleg gått opp for meg at eg er inne i året eg fyller 21. Og angsten har tatt meg. For er ikkje dette ti-året «of a lifetime»? Er ikkje dette ti-året eg skal leve etter YOLO, sleppe å tenke konsekvensar, vere naiv, få vener og drikke meg full,  men også velge utdanning, stake meg ut vegen for resten av livet, kanskje gifte meg og få born, byrje å jobbe, bli vaksen og .. kjedeleg? (neida: koseleg og smart, men likevel) HJELP. Og eg har allereie brukt opp eit år! Faktisk meir enn eit år! Eg får fullstendig hjartebank berre eg tenkjer på det. Så kva no?

For korleis skal ein eigentleg forhalde seg til dette: å stå framfor sitt (såkalte) livs ti-år. Proppa med vanskelege val, kombinert med å skulle få leve ut sin «siste ungdom». Bør ein berre byrje på utdanninga ein har greidd å kome fram til? Burde ein reise eller jobbe og fokusere på å få vener, eller erfaringar for livet som ein kanskje aldri får moglegheit til seinare? Kan ein få begge deler?

DSCFadv1579

Eg er vel eigentleg ikkje så bekymra for at eg ikkje skal få festa nok, sidan eg aldri har gjort det i noko særleg grad. Men kanskje er det nettopp grunnen til at dette skal vere tida då eg slepp meg meir laus, og kanskje tar ein ekstra fest istaden for å ligge heime på sofaen? Kanskje er det no eg verkeleg burde reise vekk og lære meg å stå på eigne bein? Å bli kjend med nye sprøe folk og kulturar? Å lære meg at ein eigentleg burde YOLO’a seg gjennom heile livet?

Eller burde eg berre byrje på studiet eg har funne ut at passar meg best? Så er eg i gong liksom. Men tenk om eg hatar det! Då er har eg jo brukt opp endå eit år, og har endå mindre igjen av det heilage ti-året. Eller så kan det jo hende at eg elskar det. Og då rekk eg jo å bli ferdig, jobbe litt og kanskje til og med gifte og få born. Slik ein helst bør før ein blir for gamal. For herlighet. Om ti år er egga mine begynt å bli gamle! Men det kan eg ikkje ta hensyn til no. Eg kan jo eigentleg ikkje ta hensyn til noko av dette no!

Eller?

Kva skal ein liksom basere seg på? Kor naiv og ambisiøs kan ein ver? Kor ansvarleg bør ein ver? Når må eg byrje å ta stilling til eit veksande studielån, karrieredraumar og gamle egg? Når er eg nøydd til å forhalde meg til realitetane? Og kva skjer når ti-året plutseleg har flydd forbi utan at eg merka det, og eg står der og tenkjer klisjefylt «Inte visste vel jag at alla dagarna som kom och gikk var sjølva livet»?

Den gong eg og Frank Årebrot kommenterte OL i lag

I går sov eg lenge, åt graut til frukost/middag, spelte litt piano og gløymde tid og rom. Heilt til eg brått kom på at det var i dag Frank Årebrot skulle lage mitt obligatoriske bergensminne! Eg kasta på meg skjørt og eyeliner og sprang bort til Det Akademiske Kvarter i Bergen, ikkje eit sekund for tidleg. Her gjekk nemleg køen over to etasjar! Eg rakk likevel akkurat å kome med dei rundt 100 publikummarane som fekk sjå og høyre Årebrot live. I naborommet sat omlag 300 andre og måtte sjå på storskjerm, heime i stovene sat folk med taco og gjorde seg klar til sitt livs historietime: 200 år på 200 minutt. Ville det gå bra?

Ja. Det vart fantastisk! Årebrot er ein utruleg formidlar, powerpoint-mekkar og komikar: det er mange professorar/lærarar som kunne lært av han.. Men ikkje minst var han ein formidabel kvinnesaksformidlar! Det vil eg gjerne gi han masse kudos for, og det vart applaus i salen til fleire av poenga hans  som opptok nettopp dette. Kvinnerettssaker og sterke, viktige kvinner i historia vår.

Nok ein gong fekk eg endå meir lyst til å gå i 8.mars-tog!

IMG_8394

I dag tidleg vakna eg med eit smil om munnen, nyforelska i ingen ringare enn Årebrot. Etter gårsdagen trur eg ikkje eg var den einaste, men eg fekk i tillegg utdelt ein «drømme»-draum av dei sjeldne der me tullekommenterte OL, han deltok som utøvar (!), han hadde røykepause og kjøpte kvelds, me åt ilag, lo litt av sjølvhøgtidelege folk, las dikt og fekk klem og nuss på kinnet… Ah. Draumar altså!

Og her er me, på nasjonaltv, direktesendt og han peikar på meg! (eg lever i alle fall i den trua..)

årebrot og meg

Sjå det på nett-tv her.

Student 101: Å skrive oppgåve

oppgåveskriving

Okei, eg har skrive litt og fått nokre ytterst få følgjarar berre for å vise meg som ein skikkeleg Judas. Ein elendig bloggar som slutta å blogge etter å ha skrive fire innlegg. Gratulera med det liksom… Ikkje det at det betyr noko, men eg har skrive innleveringsoppgåve! (og vore heime og fått middag og lagt på sofaen hos mamma og pappa..). Eg er endå ikkje ferdig med oppgåva, men for now kan eg dela mine «eureka»-tips for korleis ein (les: eg i alle fall), kan takla det overveldande presset og den uoppnåelege kjensla om at det kan gå bra, når ein får ei innleveringsoppgåve.

Få oversyn over tema: Eg pleier lese på wikipedia eller Store norske leksikon. Då får ein kjapt oversikt, sidan det er skrive på ein enkel og nedkorta måte.

Les spørsmålet ein gong til – finn ut KVA du vil svare på og kva du må få med. Slik er det enklare å få oversikt over kva som er viktig når du les og det hjelp også på å vite at du ikkje bommar på oppgåva. Skriv gjerne ned stikkord og tankar du får om kva som kan bli konklusjonen slik at du tek det med deg vidare også.

Les relevant pensum med spørsmåla dine (og hovudoppgåva) i bakhovudet – Dette gjer deg til ein aktiv lesar og du lærer mykje meir når du har noko å feste det til. Du har jo også allereie lese hovudlinjene på ein enkel måte på wikipedia eller store norske, og har eit betre oversyn når du no dykkar nedi det tunge fagstoffet.

– Lag disposisjon: finn dine tre+ argument/hovudpoeng og fyll inn under desse med argumentering.

– Konkluder i konklusjonsdel på slutten. Hugs å samle det du har ført opp i hovuddelen og ikkje introduser nye begrep osv. i avlsutningsdelen. Avslutt gjerne med eit inspirerande tankespinn for lesaren.

– Lag ei spennande innleiing. Eg likar i alle fall å slutte med starten. Då veit eg jo akkurat kva eg skal fortelje, svare på, og kan gi ei betre og meir konkret innleiing. Hugs at konklusjon og innleiing må fylgje same «raude tråd».

– Print ut, les høgt/få nokre andre til å lese høgt for deg og fiks opp i dårlege setningar og andre feil. Pass på at rekkefølge gir meining og at det ikkje er hoppande og oppstykka.

– Lever og kos deg med noko gøy som premie.

PS. Om du er som meg kan det vere lurt å setje fristen til dagen før (eller i endå betre tid), når du skriv opp innleveringsfristen i kalendrar osv. Så har du litt ekstra tid om noko går gale, eller du er ein sånn som byrjar altfor seint sånn som meg. Kanskje kan du avtala med nokon at du skal sende dei oppgåva og fortelje at fristen er 10.februar (viss den eigentleg er 13., til dømes) så får du litt ekstra press på deg.

Lukke til!

Kva pleier du å gjere når du har innleveringsoppgåver? Eg er i alle fall veldig interessert i tips om du vil dele!

Korleis bli ein god student

Skjermbilde 2014-02-15 kl. 16.38.29

Eg er heilt fantastisk god på å prokrastinere og generelt å vere ein utruleg dårleg student. Til dømes kan ein «studiedag» lett sjå slik ut:

0920: ÅNEI, forsov meg! Igjen.

09:45: Kastar i meg ein ubrukeleg frukost, fordi eg må springe på forelesing, sidan eg forsov meg. igjen.

10-12: ADVARSEL dette er eit avvik: eg er ganske flink under forelesing faktisk! Høyrer etter og noterer og alt.

1215: Lesetid. Men eg er så svolten! Eg hentar meg litt knekkebrød og set meg til å lesa igjen. Les ca tre setningar. Ooops. Gløymde jo vatn!

1230: Les faktisk.

Men må jo ha pausar innimellom. Så då.. Blir det fort at eg gløymer meg ut og ser ein episode New Girl, eller er idiot og les om kjendisar på VG,             eller andre sånne dumme ting.

1500: Oi! Har gløymd å komme tilbake etter pause!! Ok, les litt.

1515: Herregud, eg er svolten. Les ei side. Men hugsar ingenting.

1530: No passar det med ein pause. Så då kan eg jo gå på butikken og handle litt mat.

1545: Tilbake. Lesetid!

1550: Herlighet. Eg gløymde jo å sette på ovnen. Eg får gjer det no. Så les eg litt til.

1600: No må jo maten i omnen. Det passar jo fin med pause no.

1615: Greier ikkje konsentrera meg. ER MIDDAGEN KLAR SNART ELLER?

1620: Pause. Har jo vore ein god lesedag dette! (Dette er faktisk ikkje ironi. I alle fall ikkje i peanøtthjernen min, der og då)

1645: Ahhh. middag. Mat! Guds himmelske gave.

Ein arbeidsdag er gådd og eg har lurt meg sjølv til å tru at eg no er ferdig for dagen. Idiot.

Men. No skal ting bli betre. Det kan jo faktisk ikkje fortsette på denne måten! Etter snart 6 månader som student er det på tide å lære seg nokre studieteknikkar. Eg håpar jo at «forskninga» mi kan vere til hjelp for andre også! (sjølv om du sikkert berre kan googla det, og finna ekte forskning på studenttorget eller noko). Men, målet er jo først og framst å få tilbake mitt «flink pike»-stempel som eg har vore fråskild litt for lenge no. Det er ikkje like stas å vere flink på prokratinering…

Så følg med! (viss du vil 😉 )