Susanneeeeeee!

#moldvarptips

Endeleg har det kome nytt frå Susanne Sundfør! Er det ikkje fantastisk når favorittartisten din endeleg har gitt ut noko nytt, og du veit før du har trykka på play at du kjem til å elska den? Sjølvsagd kjem du til å elska den!

281178_10151141834341232_152187243_o.jpg

Bilete frå konsert på Stord i 2012. FOTO: Ingvild A. Eide

Til hausten kjem Susanne Sundfør ut med albumet Music For People In Trouble. Inspirert av sine reiser rundt om i verda.

Det nye albumet er inspirert av en reise Sundfør har gjennomført til forskjellige verdenshjørner og kontinenter. Den norske artisten har reist gjennom alt fra Nord Korea til Amazonas, med de kontraster, miljøer, politiske situasjoner og mennesker det innebærer.

— Vi lever i en tid med store omveltninger. Alt går så fort, noen ganger er det voldelig, og det kan være skremmende. Jeg tror det er mange som er engstelige i disse dager, og det er akkurat disse følelsene jeg ønsker å adressere på dette albumet, sier Sundfør i en uttalelse via managementbyrået Little Big Sister                                                             –  saksa frå Gaffa

Før plata kjem, må det sjølvsagd sleppast ein singel. Undercover no ute på alle plattformar, og har gått på repeat hos meg minst 20 gonger allereie i dag. Etter mykje elektronisk og eksperimentelt, tek ho det denne gongen ned. Med piano og vokal som dei viktigaste komponentane, er det nestan som å bli teken tilbake til startalbumet. Samstundes høyrer ein den store utviklinga, og for meg er dette ei låt som verkeleg veks i deg. Riv i hjarta, får deg til å synga for full hals og samstundes så vart du kan. I sitt enkle lydbilete, har Sundfør likevel ikkje mista det komplekse og overraskande elementet ho har synt på dei siste platene. Eit country-aktig preg kjem brått snikande inn mot slutten, og det funkar sjølvsagd veldig godt. Ei nydeleg lita perle.

Låtlista til albumet som kjem 25.august:

01. Mantra
02. Reincarnation
03. Good Luck Bad Luck
04. The Sound Of War
05. Music For People In Trouble
06. Bedtime Story
07. Undercover
08. No One Believes In Love Anymore
09. The Golden Age
10. Mountaineers

25.august folkens. Då skjer det!

Advertisements

Åse Kleveland

a599e2a3f3903ebd69341594db8f623d

Foto: TV2

 

Eg har hatt meg eit lite Hver gang vi møtes-maraton, og må sei at denne episoden ikkje skuffa! Å få dykke litt ned i eit idol både som person og musikar, gleda eg meg verkeleg til. Ho som ga meg songen og trua på at mørkt og kan vera fint. Som gjorde at eg turde å synga Intet nytt under solen, så mørkt og ekte til Jonas, og så vart han berre endå litt meir forelska. Ho som går i silkekjolar og hatt, som om det var det mest kvardagslege. Som stoppar ut sommarfuglar for å studera dei, og som elskar å kjøre fort i bil.

Ho fortel om eit fantastisk liv på ein reflektert og inspirerande måte. Ho er nysgjerrig og er på langt nær ferdig med å undra seg over livet og verda rundt oss.

Om eg berre vert ein brøkdel så kul som ho, skal eg vera godt nøgd.

Birdy

#moldvarptips

Den siste veka har eg høyrd så masse på den nyaste plata til Birdy, og blitt litt forelska. Dei fleste har nok høyrd songar som Skinny love og People help the people, men no er det nye tonar i spel!

Plata heiter Bautiful Lies og det er så fint! Vart som me er kjend med, men og med meir upbeat og håp i stemninga. Minner om alt frå Laleh til Florence and the machine. Mørk klang, og sår stemme ❤

og partystemning:

Lytte-favorittar

Eg reiser utruleg mykje, gjerne på den perfekte lengda 2 timar og 10minutt. Det er på minuttet så lang tid det tek å reise heim frå Bergen.  Men det er dødskjedeleg, særleg når ein vert bilsjuk berre av tanken på å lesa samtidig. Så takk for gode podcastar!

No er det sommar og endå meir perfekt for podcast-lytting. Anten på stranda, på fjelltur, på terassen, i graset, på flyet til Ungarn eller toget til Oslo.

Så her kjem mine tre podcast-favorittar!

lørdagsrådet

3. LØRDAGSRÅDET

Av og til lurar ein på utruleg rare ting, og eller tilsynelatande umoglege spørsmål: Kven har eigentleg ansvaret for å plukke opp hårtjafset i dusjen? Er det normalt at romkameraten vil ha stol i dusjen? Skal eg reise på utveksling til Dritlangtvekkistan? Når kan eg skifte relationship-status på Facebook? Kan eg be om å få tilbake dei pengane? Korleis sjekkar ein eigentleg opp folk? Oi shit, eg sende ein altfor drøy sms til fullstendig feil person, kva gjer eg?!

Lørdagsrådet på P3 med Siri Kristiansen som programleiar tek opp alle slike spørsmål. Saman med kjende og kjære personlegdomar i landet drøftar dei desse problema, med visdom og humor og hjelper folket. Så, har du nett blitt dumpa, blitt forelska, flytta, fått born, blitt student eller berre er litt forvirra: send inn eit spørsmål, eller berre høyr på at det finst folk som er meir «lost» enn deg.

PS: Sjå den serien på TV: Rådet på NRK3

Her i iTunes!

radioresepsjonen

2. RADIORESEPSJONEN

Ahh, klassikaren. Tore Sagen, Bjarte Tjøstheim og Steinar Sagen. Dei tre rare, koselege og GÆRNE menna som har sutte i radioen din dei siste 7 åra og prata om alt i frå apecum, øltesting, fucka datasupport, urinering i snøen til livet som småbarnsforeldre og tankar om pappapermisjon, kokkelering, korsang og synsing rundt spørsmål om alt i frå hot couture til pikk på panna eller panne på pikken?

Litt crazy, utruleg morosamt, og venskap frå tre utruleg gode vener som alltid er der. Spesielt når bussturen tilbake til heimbygda blir litt for lang og kjedeleg. Hugs å ikkje le høgt! Då blir dei andre busspassasjerane litt rare. (les: sure?)

Her i iTunes og her på internett!

tusvikogtønne

1. TUSVIK & TØNNE

Å herregud. Den største fullstendig frittståande podcasten i landet. Komikarane Lisa Tønne og Sigrid Bonde Tusvik hadde for ikkje lenge sidan si 80-ande podcastsending, og ligg faktisk over Radioresepsjonen på iTunes! Grunnen til dette trur eg er ganske enkel å forklara: det er jo dritbra. Og me blei avhengige. Dei to damene har tourettes på pung, og har blandt anna oppfunne geniale ord og uttrykk som: hyssingfarga, bajsflickan, tåkefyrste, ond tiss, skam på skambein, reidun (virvellaus og litt tilbakeståande), rotorfjes, onanasje og mykje meir.

Dei er ærlege, galne, litt ustabile, kloke, og lærer oss jenter der ute at me må gå på ropekurs. Vere morosame, sei det me vil, føle oss litt sprø, og om at det eigentleg ikkje er greit å låse seg inn på badet og slutte å prate når du hatar sambuaren din, men at det blir litt umogleg å slutte med det likevel.

Sjølv om det gjerne blir litt mykje hoppetiss og pung, kjem dei like gjerne med spontane og geniale muntlege kronikkar om alt i frå pappapermisjon, abortlov, Malala, oppdraging og at alle burde gå til psykolog. Høyr og lær. Men mest: le deg i hjel. Medan du lurer litt på kor bra dette eigentleg kan vere for deg.

Sjå dei på Lindmo!

Tusvik & Tønne i iTunes her

og på Facebook her

(norsk) Musikk på ein onsdag

Frida Ånnevik som syng vart og ekte, og skriv verdas vakraste tekstar

Ane Brun som alltid er perfekt. Med ei heilt unik stemme og atmosfære i songane. Denne gongen ein cover

Siri Nilsen som skriv og syng søtt og lite og vart om alt

Elsa&Emilie som er 16 år og allereie er på radioen din! Kjem på Lindmo i helga, så sjå på då!

 

Og ein fantastisk musikkvideo av Kaja Gunnufsen:

Og viss du ventar på studenttips: slapp av. eg må bare prokrastinere litt først! (neida, eg skriv altså. må bare gjer det gøy og smart og sånn)