Vente, blinke

#moldvarptips

Skjermbilde 2017-06-11 kl. 23.58.33I 2009 sat eg i solveggen med ei kvit, men fargerik, pocketbok i hendene. Vente, blinke av Gunnhild Øyehaug. 

Skjermbilde 2017-06-12 kl. 00.01.26Ei bok som tvinnar saman ulike historiar, slik mange har gjort før, men fortald på ein nokså unik måte. Øyehaug klarar liksom å skildre det me alle har tenkt og følt på, i karakterar me eigentleg ikkje liknar på i det heile. Eller kjenner oss altfor godt igjen i.

Skjermbilde 2017-06-12 kl. 00.02.19

Skjermbilde 2017-06-12 kl. 00.02.35

Skjermbilde 2017-06-12 kl. 00.09.39

Skjermbilde 2017-06-12 kl. 00.07.47

Lenge har eg visst at det skulle lagast om til ein film, og NRK leverer sjølvsagd og har lagt den ut på nett-TV no. Gå inn og sjå den no, før den forsvinn!

Skjermbilde 2017-06-12 kl. 00.03.33Filmen var nett slik eg venta og har klart å bevara sinnstemning og kjenslene frå boka. Øyehaug har forteljarstemma noko som sjølvsagd ikkje skadar. Skodespelarane er kjende og kjære, og hovudrolla ny for dei fleste. Dei spelar godt og ærleg, og passar svært godt i karakterane sine.

Skjermbilde 2017-06-12 kl. 00.08.29Når ein har lese ei bok som blir film er det veldig fort for å bli skuffa. Heldigvis gjaldt ikkje det denne. Sjå «Kvinner i for store herreskjorter» på NRK no!

 

Susanneeeeeee!

#moldvarptips

Endeleg har det kome nytt frå Susanne Sundfør! Er det ikkje fantastisk når favorittartisten din endeleg har gitt ut noko nytt, og du veit før du har trykka på play at du kjem til å elska den? Sjølvsagd kjem du til å elska den!

281178_10151141834341232_152187243_o.jpg

Bilete frå konsert på Stord i 2012. FOTO: Ingvild A. Eide

Til hausten kjem Susanne Sundfør ut med albumet Music For People In Trouble. Inspirert av sine reiser rundt om i verda.

Det nye albumet er inspirert av en reise Sundfør har gjennomført til forskjellige verdenshjørner og kontinenter. Den norske artisten har reist gjennom alt fra Nord Korea til Amazonas, med de kontraster, miljøer, politiske situasjoner og mennesker det innebærer.

— Vi lever i en tid med store omveltninger. Alt går så fort, noen ganger er det voldelig, og det kan være skremmende. Jeg tror det er mange som er engstelige i disse dager, og det er akkurat disse følelsene jeg ønsker å adressere på dette albumet, sier Sundfør i en uttalelse via managementbyrået Little Big Sister                                                             –  saksa frå Gaffa

Før plata kjem, må det sjølvsagd sleppast ein singel. Undercover no ute på alle plattformar, og har gått på repeat hos meg minst 20 gonger allereie i dag. Etter mykje elektronisk og eksperimentelt, tek ho det denne gongen ned. Med piano og vokal som dei viktigaste komponentane, er det nestan som å bli teken tilbake til startalbumet. Samstundes høyrer ein den store utviklinga, og for meg er dette ei låt som verkeleg veks i deg. Riv i hjarta, får deg til å synga for full hals og samstundes så vart du kan. I sitt enkle lydbilete, har Sundfør likevel ikkje mista det komplekse og overraskande elementet ho har synt på dei siste platene. Eit country-aktig preg kjem brått snikande inn mot slutten, og det funkar sjølvsagd veldig godt. Ei nydeleg lita perle.

Låtlista til albumet som kjem 25.august:

01. Mantra
02. Reincarnation
03. Good Luck Bad Luck
04. The Sound Of War
05. Music For People In Trouble
06. Bedtime Story
07. Undercover
08. No One Believes In Love Anymore
09. The Golden Age
10. Mountaineers

25.august folkens. Då skjer det!

Forelska

#moldvarptips

9844_1.jpg

I dag har Jonas og eg feira to år med kjærleik ❤ Me gjekk for ein klassisk biff og bernaise til middag, med deilige båtpoteter og soppstuing. Mmmmm! Til maten sette me all vår lit til Spielberg og vår felles crush: Tom Hanks. Netflix gav oss «The Terminal», og me sa ja takk. Det er kanskje den finaste filmen eg har sett. Altså, det er mogleg eg er inhabil då eg allereie hadde ganske mange fine kjensler før filmen starta, men.. åh.. ❤

532f13f866aff.jpeg

Eg byrja å skriva eit lite synopsis til dykk, men så gjekk det opp for meg at det er så mykje kjekkare å oppdaga denne filmen etterkvart som den avslører seg sjølv til sjåaren. Eg kan likevel love lått og smil, nokre triste scener og nokre veldig fine scener. Den handlar om venskap og om å aldri gi opp. Om å gjer det beste ut av situasjonen, og om å halda løfter. Eg veit ikkje heilt kva sjanger eg vil klassifisera den som, men den går definitivt under fana «fin film». Varm, morsom og fin!

Diego-Luna-in-The-Terminal-diego-luna-930599_1920_1277.jpg

Så om du vil ha ein film som ikkje er teit og overfladisk, men heller ikkje supertrist og alvorleg: go for it! The Terminal ligg på Netflix når du treng den.

terminal-5.jpg

Ei historie om krafta i mennesket

Aschehoug.jpg

På fredag fekk me heimeoppgåve i litteraturfaget eg tek, om å analysera og tolka ei novelle av Liv Køltzow. Liv Køltzow? tenkte eg, og googla etter svar.

Dei fleste har nok høyrd om Dag Solstad og Jan Erik Vold frå Profil-krinsen, som var svært aktuelle i det litterære miljøet på 70-talet. Det i alle fall ikkje eg visste, var at Liv også var del av denne krinsen. Del av det modernistiske og banebrytande litterære miljøet. Ho var ei viktig stemme i litteraturen, og snart også spesielt for kvinnelitteratur og feminisme.

Eit stykke inn i googlinga, dukka ein NRK-dokumentar opp: Livs liv.

Den såg eg ferdig for tre minutt sidan, og eg kunne ikkje vente med å setje meg ned å skrive.

I psykologiens høgtid er det blitt svært populært med seriar som omhandlar sjukdom og unge som filmar seg sjølv, og fortel til sjåarane. Slik sett glir denne dokumentaren rett inn, i eit slikt «selfie»-filmande univers, med rå og ekte beretningar. Det uvande er at det er ein rundt 60 år gamal forfattar, som fortel om vanskane med parkinsons og å skrive ein roman.

Skjermbilde 2017-02-22 kl. 01.24.50.png

Ein gløymer ofte, i alle fall eg, korleis eldre folk eigentleg er nokså like oss litt yngre. Like fulle av indre liv, lyster og tankar. Sjukdomen parkinsons er noko eg aldri reflekterer over, så langt frå mitt eige liv og horisont.

I dokumentaren får vi innblikk i råopptak frå mobilen til Liv, og frå filmteamet. Ei lita innsikt i alt dette. Ho dansar naken og fri, men gret seg óg gjennom kampen det blir berre å kle på seg.

Skjermbilde 2017-02-22 kl. 01.24.58.png

Eg ville sjå dokumentaren for å få eit betre innblikk i livet hennar, mest for å ha eit betre utgongspunkt til å skrive oppgåva mi, og kanskje for å bli betre kjend med ein av dei store forfattarane Noreg har fostra.

Eg endte opp med ein stor respekt for krafta i mennesket. Denne rå dama, som eg ser opp til og beundrar. Som har levd eit spanande liv, med viktige bidrag til den litterære verda og samfunnet. Denne dama som er så ærleg og modig, som samstundes også kan vera sårbar, åleine og makteslaus. Og like etter, så sterk og klok.

Skjermbilde 2017-02-22 kl. 01.24.39.png

Så dagens oppfordring: Sjå dokumentaren her:

Skjermbilde 2017-02-22 kl. 01.20.58.png

(PS. Du har heldigvis to år på deg, om prokrastinøren skulle slå inn)

ARRIVAL

#moldvarptips

I helga såg me Arrival. Og, herlighet.

skjermbilde-2017-02-05-kl-13-01-48

skjermbilde-2017-02-05-kl-13-01-37
skjermbilde-2017-02-05-kl-13-00-18

skjermbilde-2017-02-05-kl-12-59-45

skjermbilde-2017-02-05-kl-13-00-45

skjermbilde-2017-02-05-kl-12-59-36

Amy Adams gjer ein fantastisk jobb i hovudrolla, som må gjennom mykje. Eg har eigentleg berre lyst å fortella alt, men dette er verkeleg ein film som ikkje skal spoilast!

Sjølv om eg ikkje skal kommentera meir på innhaldet, kan eg nemna at filmen er både visuelt og musikalsk vakker. Både daglegdagse scenar (som biletet øverst), og dei meir dramatiske har nydeleg lys, og fine komposisjonar i ramma. Musikken har den islandske komponisten Jóhann Jóhannson stått for, kjend for mange gode film soundtracks. Lydane og musikken blandar seg og lagar atmosfæren for heile filmen.

Den handlar om språk, om å koma saman, om kjærleik for faget sitt og sjølvsagd endå meir.
Likar du filmar som Interstellar og Inception, er dette filmen for deg. Berre, sjå!

Og kom tilbake og kommentér så me kan prata om det etterpå.

Anbefalast verkeleg.

Eit teikneprosjekt

Eg falt heilt pladask for denne historia då eg såg den, og vil gjerne dele den her.

Ein son oppdaga at far hans, no pensjonert, kjeda seg sånn då barnebarna flytta frå landet og han ikkje kunne vera med dei kvar dag. Sonen hugsa at faren hadde likt å teikna til dei når dei var små, og foreslo dette som ein fritidssyssel for far sin. Faren var med på ideén, men kjeda seg raskt. Han såg ikkje poenget. Ein dag kommenterte faren «eg lurar på korleis borneborna mine blir når dei bli store». Sonen spurde «korleis då?» og faren svarte «eg kjem jo ikkje til å vera her då». Sonen hadde aldri ordentleg tenkt på at faren ein gong ikkje ville finnast, og syntes det var ekstra trist at barnebarna kanskje ikkje ville rekke å bli så kjend med bestefar sin. Ideén var fødd: Faren kunne teikne til barnebarna sine, og posta det på Instagram! Bestefaren vart inspirert og likte idéen, og resultatet er ganske fantastisk.

skjermbilde-2017-02-05-kl-12-48-22

skjermbilde-2017-02-05-kl-12-48-14

skjermbilde-2017-02-05-kl-12-48-06

skjermbilde-2017-02-05-kl-12-48-01

 

Det er blitt 508 bilete, og stadig veks samlinga.

I dag har sida 227 000 følgarar og kanskje blir det nokre fleire no?

Følg sida her: DRAWINGS FOR MY GRANDCHILDREN

skjermbilde-2017-02-05-kl-12-49-51

Elsk

#moldvarptips

Internett er fantastisk, og denne veka har eg kost meg med å oppdaga nye, kjekke ting:


Elskar denne låta, og Aurora er heilt unik

Om du treng litt foto-inspo, ta ein kikk på denne fine mannen her

skjermbilde-2017-02-05-kl-12-30-52

Og dette fine prosjektet her! Steinar Skipsnes bestemte seg for å gå opp til ein ukjend person kvar dag, bli kjend med dei og ta ein selfie. Han var lei av at alle gjekk og stirra ned i mobilen, og starta med seg sjølv som eksempel. Folk altså!

God sundag!

Å binge-lesa Ravatn

Som ein skjønar, er eg glad i nynorsk. Eg likar det estetiske, det språkhistoriske og det språkpolitiske. Ikkje minst er det identitet. Kven er vel eg, utan nynorsken?

Så eg les ein del nynorsk, og ein av dei forfattarane eg håpar kan få ein Hovlandsk bibliografi (i mengd), er Agnes Ravatn. For ei dame! Ho skriv så lettlest, samstundes som om språket og historiane på ingen måte er lette eller naive.

Ho starta med ein roman, før ein haug med sakprosa og essay og til slutt ein roman til. For oss som elskar ho, skulle ein sjølvsagd ynskje det var 100 romanar slik at ein berre kunne setje igang. Som ei slags form for analog netflix-binging. Ravatn-binging, det hadde vore noko! Men enn så lenge må ein altså nøya seg med desse perlene: Veke 53 og Fugletribunalet.

Ikkje til forkleinelse for sakprosaen, for den er bra den óg altså! Her er det stoff til alle 🙂

Etter å ha lese mange intervju og høyrd podcastar med ho, blir eg ikkje mindre imponert. Ho er ein skarp dame med humor og klokskap. Nokon å sjå opp til med andre ord. Men etter å ha høyrt og lese alt dette, trøystar eg meg likevel med at til og med ho, har ærefrykt for Einar Økland…  Sjølv om han er næraste nabo, og inviterer ho på kaffi.

Når verda går på tryne

Skjermbilde 2017-01-18 kl. 21.18.07.png

FOTO: BBC (skjermdump frå NRK)

No er det uverkelege skjedd og Trumpnissen er blitt president. I slike deprimerande tider, når ein ikkje kan gjera noko, er det berre å prøva å tenka på noko anna. På NRK har dei nyleg lagt ut att BBC-serien om Obama: Inside Obama’s White House. Her blir me tekne med på dei store sigrane og dei harde stundene i eit historisk presidentskap.

For ein mann, og for nokre folk han har hatt med seg! Og mot seg. Det er i alle fall oppløftande å sjå korleis han heile tida har tenkt: Drit i å bli gjenvald, dette er viktigare for nasjonen og historia. Med folket i fokus. Dei aller siste dagane som president viste han seg nok ein gong som ein som står for ting, og tok mange store avgjersler som kanskje ikkje var så «safe».

Samstundes som det er oppløftande å bli opplyst om desse viktige åtte åra, er Obamacare-saka verkeleg minst like aktuell. Ein kan ikkje anna enn å prisa seg over at Noreg framleis ikkje er like redde for litt sosialisme, som amerikanarane kan synast å vera.

Sjå serien her: Obama – åtte år som president

Åse Kleveland

a599e2a3f3903ebd69341594db8f623d

Foto: TV2

 

Eg har hatt meg eit lite Hver gang vi møtes-maraton, og må sei at denne episoden ikkje skuffa! Å få dykke litt ned i eit idol både som person og musikar, gleda eg meg verkeleg til. Ho som ga meg songen og trua på at mørkt og kan vera fint. Som gjorde at eg turde å synga Intet nytt under solen, så mørkt og ekte til Jonas, og så vart han berre endå litt meir forelska. Ho som går i silkekjolar og hatt, som om det var det mest kvardagslege. Som stoppar ut sommarfuglar for å studera dei, og som elskar å kjøre fort i bil.

Ho fortel om eit fantastisk liv på ein reflektert og inspirerande måte. Ho er nysgjerrig og er på langt nær ferdig med å undra seg over livet og verda rundt oss.

Om eg berre vert ein brøkdel så kul som ho, skal eg vera godt nøgd.

Birdy

#moldvarptips

Den siste veka har eg høyrd så masse på den nyaste plata til Birdy, og blitt litt forelska. Dei fleste har nok høyrd songar som Skinny love og People help the people, men no er det nye tonar i spel!

Plata heiter Bautiful Lies og det er så fint! Vart som me er kjend med, men og med meir upbeat og håp i stemninga. Minner om alt frå Laleh til Florence and the machine. Mørk klang, og sår stemme ❤

og partystemning:

Farsdag-freebie

I morgon er det farsdag og i samband med det legg eg ut ein liten farsdags-freebie 🙂
Last ned på bokmål eller nynorsk, og fyll inn med godord til paps!

Så er det ikkje så farlig at du kom på det i siste liten 😉

Trykk på linken for å lasta ned nynorsk eller bokmål-versjon

NYNORSK                        –                   BOKMÅL

 

 

 

Julie & Julia (2009)

#moldvarptips

Julie and Julia – ei lita perle av ein film/inspirasjonsbombe

Her ein kveld skulle eg sette på ein film, for å berre ha noko å sjå på medan eg kunne putla med teikning og fargelegging. Det viste seg å bli vanskeleg. Raskt vart eg sugd inn i filmen, og ikkje minst stemninga i filmen. Det var nesten så ein kunne kjenne lukta av deilig mat gjennom skjermen…

Skjermbilde 2016-10-10 kl. 16.33.28.png

Filmen er i stor grad biografisk og basert på sanne hendingar. Som jo er elsk. Den handlar om Julia Child, kjend amerikansk kokebok-forfattar på 60-talet, og Julie Powell som prøver å finne vegen som forfattar på 2000-talet. Gjennom kokeboka møtes liva deira, og me blir tatt med tilbake til Paris på 60-talet og inn i moderne tid i USA. Liva deira vert skildra parallelt, og eit fint fortellar-grep.

Skjermbilde 2016-10-10 kl. 16.33.48.png

Eigentleg vil eg ikkje sei noko meir om filmen og plottet, det må berre opplevast. Stemningen er så autentisk og sjarmerande, og eg ville ikkje at den skulle vere ferdig. Ville berre fortsette å leve litt til i denne verda. Sjølv visste eg (heldigvis) ingenting om filmen før eg såg den, anna enn at den hadde fått 7,0 på imdb, og at Meryl Streep spelte hovudrolla. Elskar å vite minst mogleg, å berre bli teke med på det som skjer, utan noko aning om kva plottet er eller korleis det vil gå.

Skjermbilde 2016-10-10 kl. 16.30.15.png

Eg lo høgt fleire gonger gjennom filmen, var på gråten og sat igjen med ein enorm inspirasjon. Både på kokkelering, men og som ein generell kreativitets-boost. Og eit smil om munnen.

Skjermbilde 2016-10-10 kl. 16.29.50.png

Anbefalast!

Punktjournal – svaret på alt?

bulletjournal.gifI helga starta eg på prosjekt Punktjournal. Etter å ha lese meg opp lenge på kva dette eigentleg er, var eg framleis ikkje overbevist. Men etter ein dag, er eg foreløpig veldig overbevist!

Så, kva er dette: punktjournal?

  • Planleggar, dagbok, kladdebok, og eigentleg det du vil det skal vera.

Eg elskar almanakkar og kalendrar, og har alltid ein ny for kvart år. Like gledeleg og iherdig set eg i gang. Brått er det gått fire månadar, og boka har lugge i ei hylle og støva ned. Eg har ikkje brukt den, og den har ikkje fått gjort oppgåva si.

I ein punktjournal startar du med heilt blanke ark, bokstaveleg talt. Du kan bruke kva som helst av notatbøker og liknande. Berre finn noko, så er du i gong. Dette er nemleg magien med punktjournal: du startar nett når du vil, utan å måtte vente på nytt år eller ny månad. Du brukar berre dei sidene du vil, på det du vil, og slepp å ha dårleg samvit for dei tre vekene som berre forsvann. Sidan du bestemmer alt, er det og fint rom til å ha hugselister, ønskelister, teiknesider, og alt du kan tenka deg, innimellom det ordinære almanakk/kalender-baserte. Du kan òg legge opp kalenderen, akkurat slik det passar deg best. Funka det ikkje? Skift neste månad.

For min del er det desse tre punkta som har gjort meg mest seld på ideèn:

  • Ynskje om å skrive dagbok, men erkjenninga av at kvar gong eg prøver å starta ny dagbok, gløymer eg det eller så sluttar eg fordi det kjennes for krevjande å sette seg til å gjere.
  • Ynskje om å tilpassa almanakken. Dette har eg allereie prøvd på i mange år, med heimelaga almanakkar. No har eg verktøya, og det har gitt så mange a-ha-opplevingar!
  • Ynskje om å kunne drodle og skrible ned ting eg berre må få ut og ned på papir, utan å måtte ha med ei ekstra bok eller føle at eg kludrar til almanakk-/dagbok-sidene.

I ein punktjournal er alt dette veldig lett å kombinera.

No har eg nett starta med dette, og kjem garantert til å få fleire a-ha-opplevingar, som eg gjerne deler vidare når den tid kjem. Foreløpig er dette mine tips på å starta med punktjournal:

  1. Finn deg ei bok du likar – størrelse, hefting og papirkvalitet er viktigast.
  2. Finn ut kva du vil bruke boka til – og kor mange aspekt av livet du vil samle i samme bok. Har du ein kreativ og krevjande jobb, eller tunge studiar kan det kanskje vera ein fordel å ta det i ei eiga punktjournal.
  3. Kikk litt rundt på instagram/pinterest og få inspirasjon – OBS: her er det lett for å bli overvelda av alle artsy fartsy-sidene ein finn. Det treng verkeleg ikkje vera så prydeleg: du bestemmer! (Søk på bullet journal, for å få opp internasjonale treff)
  4. Sett av to sider til innhaldsfortegnelsen, skriv opp nokre sidetal i boka og begynn med det du vil.

Sjølv har eg (foreløpig) gjort det slik:

INNHALD

  • Månadsoversikt (oktober, november, desember)
  • 2017
  • Ad fontes (er PR-sjef i studentpuben, og må hugse ein del ting)
  • Å gjere – ein gong (ting som eg må hugse å gjere, men som endå ikkje er sett til ein spesifkk dato/veke)
  • Sitat (Elskar når folk seie morosamme ting, så dette er kosesida mi)
  • Bøker lest – filmar sett (Likar å ha eit overblikk over kva som blir tatt inn av kultur. Skriv ein setning om boka/filmen/serien osv)
  • Postadresser (Har lyst til å bli flinkare til å sende brev og pakkar – dette er forhåpentlegvis ekstra inspirasjon og motivasjon)
  • Ønskeliste (sidan eg aldri kjem på noko når nokon spør, men alle ønsker seg jo noko)
  • Vekesoversikt
    • Veke 41 og foreløpig: Måndag 10.oktober.
      • Her har eg lagt inn vêr, temperatur, dagens spanske (prøver å læra meg ein frase kvar dag), og det eg elles treng å hugse i dag. Noterer kva eg har gjort (dagbok i kortversjon).

This slideshow requires JavaScript.

Akkurat no har eg ikkje gjort noko meir kunstnarleg ut av det enn eg har gidda, som ikkje har vore så mykje, fordi eg har fokusert meir på å berre få på plass det eg ville. Det fine er at om eg skulle vera i det kreativet hjørnet, er det alltid rom for det òg.

Mitt tips: Begynn med punktjournal – og ikkje bli overvelda av andre: ta det på dine premiss! Det er jo tross alt poenget. Lukke til!