Ingen er fri før alle er fri

I dag har eg omlag 100 000 tankar og idéar og opplysingar eg vil dela til alle. Om feminisme, likestilling og alle kampane som har blitt kjempa og som endå gjenstår. Men sidan eg syns likestilling er eit kvardagsprosjekt, skal eg spara desse til seinare. I dag er det nok av gode artiklar, blogginnlegg og kronikkar som er verd tida di.

Eg vil likevel dela dette:

1Web-Background-Image-IMG_4944

Det slår meg kor uendeleg heldig eg er, og kor mykje feministane før meg har gjort for at mitt liv er så bra som det er. Tenk å ikkje kunne få stemme, ha eigen eigedom, ikkje telle som myndig, berre bli vifta bort som hysterisk og dum, å ikkje få jobbe, å bli valdteken med «rette» fordi det var ektemannen din som gjorde det, å ikkje få gå på skule eller ha like stor rett til å læra som gutar.

Tenk at eg kan skrive dette og kva eg vil, utan å vera redd for livstruande konsekvensar. At eg kan elska den eg vil, utan å vera redd for konsekvensane frå familie og samfunnet rundt meg. For at eg kan anmelde kjønnsdiskriminering i arbeidslivet. For fridomen som har blitt kjempa fram for meg.

quote-human-rights-are-women-s-rights-and-women-s-rights-are-human-rights-let-us-not-forget-hillary-clinton-84-22-59

I dag tenker eg på alle i Noreg og verda som ikkje har desse fridomane, og på alle som kjempar for at desse skal bli universelle rettar som er oppfylde. Eg tenker på alle som reiser seg, og ikkje let seg halda nede. Alle dei sterke damene og mennene som skal kjempa vidare for rettigheitar og fridomar. For menneskerettar for alle.

1-ELIZABETH-WARREN-facebook

Så i dag er oppfordinga mi: Stå opp for det du syns er viktig, og la stemma di bli høyrd. For dei som har kjempa for deg, for deg sjølv og for dei som ikkje har høve til det sjølv. Ingen er fri før alle er fri!

enhanced-11646-1400963807-14

Advertisements

Man skal ikke plage andre, man skal være grei og snill, og for øvrig kan man gjøre hva man vil.

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s