musikk, musikk, musikk

Dei siste vekene har det vore veldig mykje musikk i livet mitt. Det plar det alltid vera, men litt ekstra no altså.

Det starta med korhelg og korjubileum for nokre veker sidan, der me var 100 stykk som song saman. Fantastisk og fint å kjenna samhaldet bare korsang gir! Tenk at ein kan musisera som eí stemme, sjølv med så mange folk og harmoniseringar…

Eg har óg funne litt tilbake til pianospel og song, og har sete (sitja, sat, har såte?) og klimpra nokre kveldar. Eller berre sunge for full hals saman med høgtalaren i stova. Særleg fint har det vore å gjenoppdaga gamle skattar:

SONGTIPS14.feb-17.png

På sundag slappa eg av med litt TV-tid, og kom over dokumentaren om Carole King som ligg ute på NRK no. For ei dame! Fyrste gong eg høyrde ei Carole-låt var eg kanskje 11 år gamal, og minst lika krøllete som andletet som lyste mot meg på iPoden. Ho var så kul! I feel the earth move, rista verkeleg som om verda var med, og det gjekk til og med an å spela kult på piano! Sidan då har ho sjølvsagd stått hjarta mitt nært, men som med så mange andre fine artistar, hadde ho gått litt i gløymeboka. Eg sette på dokumentaren og etter knapt eit minutt var eg heilt overgidd. Carole King overgjekk alle mine forventingar. Ho har jo skrive alle moglege kjende hits, for andre, før ho sjølv vart kjend. I tillegg vart ho oppdregen som sterk og sjølvstendig, sjølv i eit kjønnsdelt samfunn på 50-talet, og levde ut dette heile livet. Engasjert i viktige ting, og heilt ekte i formidlinga. Forbilete!
Sjå dokumentaren asap: HER.

3c25eb07-5b4d-497b-b6f4-a3c88c23ff86.jpeg

Og som eit siste pling på toppen, kom Sigrid.

Ein gong på seinsommaren i 2014 høyrde eg ei låt som traff danseføtene mine umiddelbart. Eg har ikkje tal på kor mange gonger eg har dansa lukkeleg til Known you forever. Eg gjekk rett inn på artistsida på Spotify, og fann ikkje fleire songar! Så såg eg at ho var 17 år, gjekk på vidaregåande og kanskje ikkje hadde rukke å laga så mange låtar. Ehe. Men no, endeleg, er ho tilbake! Låta har til og med fått heidersbetegnelsen «Hottest record in the world» frå BBC. Eg kom over den gjennom Christine på P3, der dei var like gira over låta. Perfekt vårlåt! Don’t kill my vibe

 

Advertisements

One thought on “musikk, musikk, musikk

Man skal ikke plage andre, man skal være grei og snill, og for øvrig kan man gjøre hva man vil.

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s