Det klikkar for meg – kvinnorama på ein torsdag

No nermar det seg 8.mars. Sjølv om eg ikkje orkar å bli sint og innbitt på bloggen, så meiner eg jo mykje om dette (så mykje at eg ikkje greier å skriva utan å bli sint og innbitt). Det er skrive så utruleg mykje bra om dette, og gode argument mot lovforslaget haglar jo! Eg skal difor ikkje skrive noko lang kronikk her, for det veit eg ikkje om eg får til. Men, eg kan i alle fall sei kva eg synst om saka, så alle korta ligg på bordet: Blandt anna at det er eit dårleg lovforslag om reservasjons-moglegheit som er lagt ut til høyring. At det ikkje er kvinnene som skal måtte ta støyten for at legane ikkje kan utføra jobben sin. Eg blir også utruleg provosert av at Høgre har rundtlurt velgjarane sine, og totalt skifta standpunkt i saka etter valet. KrF har tross alt alltid vore opne i sitt syn på abort. Og mykje meir…

I dag har eg sett på Stortingsdebatten som har gått, om SV sitt forslag om å stoppe lovforslaget til Regjeringa om reservasjonsrett(MULIGHET). Og no klikkar det snart for meg. Likevel er det i alle fall eit hav av gode, velformulerte og rasjonelle argument frå venstresida og dei som er mot reservasjonsretten. Eg skal som sagt ikkje skrive så mykje meir, men eg vil gjerne dela nokre fine bilete og gode bodskap henta frå Susanne Kaluza sin blogg. Desse er fritt til å dela og målet er å spre dei, og bodskapet.

Gå i tog 8.mars og engasjer deg der du kan! 

#8mars #minkropp

IMG_8389

IMG_8392

IMG_8394

IMG_8396

IMG_8391

IMG_8398

#8mars #minkropp

Om du vil lesa meir kan du sjå på desse linkane:

– Susanne Kaluza sine tankar om kvifor forslaget frå regjeringa er godt nok, og om kven reservasjonsretten eigentleg rammar.

– Jannorama som skriv om korleis 8.mars ikkje har utspelt si rolle endå, og kvifor det framleis er viktig å gå i tog og engasjera seg. Ho har og eit godt innlegg om reservasjonsrett og feminisime anno 2013.

– Mammabloggaren Jona som heller ikkje greidde å halde munn lengre, og som kjem med gode formuleringar og argument i denne saka.

– Den kristne legen Therese Utgård som er i mot reservasjonsmoglegheit og forklarar sitt syn godt her.

– Gynekolog Heidi Francis Thornhill som skreiv «Hva er dette for et mas?» og seinare såg seg nøydd til å snakka sin øverste sjef midt imot.

– Ida Jackson som er lei av gummifoster/babyar og kristne som ser sitt snitt til å dela slikt i denne debatten.

– Cecilie Asker som skriv om Den einsame byrden det er å bli ufrivillig gravid, uansett alder og kor ein er i livet.

– Lege Siri som skriv om «Av og til helbrede, ofte lindre, alltid trøste»

Du kan forresten skrive under på oppopet «Nei til reservasjonsrett for fastleger» her.

Ferdig! Pjuh! Det er mange bra folk der ute altså!

Advertisements

8 thoughts on “Det klikkar for meg – kvinnorama på ein torsdag

  1. Johanne seier:

    Eg må også la vere å skrive meiningar om sånnt, eg blir ei innbitt kjerring med ein gong, haha! Men eg er i alle fall frykteleg einig med deg. Ein skal bestemma over sitt liv og sin kropp!

    • Ingvild seier:

      Godt det ikkje berre er meg! Og endå godt det finst flinke skribentar og debattantar der ute som greier å tolma seg samtidig som dei formidlar bodskapet 🙂

  2. Synnebollen seier:

    Jeg har også problemer med å forholde meg til denne debatten – og lignende debatter – uten å bli frustrert, for det virker jo liksom så opplagt at kvinner bør ha rett til å bestemme over sin egen kropp! Noen ganger er det virkelig vanskelig å sette seg i andres sted, selv om man må prøve så godt man kan når man diskuterer etikk og menneskesyn. Dette var et velskrevet og nyansert innlegg! God helg!

    • Ingvild seier:

      Ja, det virkar jo nokså opplagt..! Ein kan jo forstå at samvittighetsspm. er viktig, men når ordninga likevel berre skal få konsekvensar for pasienten, så føler eg noko er feil…
      God helg til deg og! 🙂

  3. Axel Fjeld seier:

    De må berre skrive! Eg trur det at de og alle andre skriv om dette emne er heilt naudsynt om vi skal stogge denne galskapen. Det er berre å byrje, øving gjer mester!

Man skal ikke plage andre, man skal være grei og snill, og for øvrig kan man gjøre hva man vil.

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s