Farsdag-freebie

I morgon er det farsdag og i samband med det legg eg ut ein liten farsdags-freebie🙂
Last ned på bokmål eller nynorsk, og fyll inn med godord til paps!

Så er det ikkje så farlig at du kom på det i siste liten😉

Trykk på linken for å lasta ned nynorsk eller bokmål-versjon

NYNORSK                        –                   BOKMÅL

 

 

 

Julie & Julia (2009)

Julie and Julia – ei lita perle av ein film/inspirasjonsbombe

Her ein kveld skulle eg sette på ein film, for å berre ha noko å sjå på medan eg kunne putla med teikning og fargelegging. Det viste seg å bli vanskeleg. Raskt vart eg sugd inn i filmen, og ikkje minst stemninga i filmen. Det var nesten så ein kunne kjenne lukta av deilig mat gjennom skjermen…

Skjermbilde 2016-10-10 kl. 16.33.28.png

Filmen er i stor grad biografisk og basert på sanne hendingar. Som jo er elsk. Den handlar om Julia Child, kjend amerikansk kokebok-forfattar på 60-talet, og Julie Powell som prøver å finne vegen som forfattar på 2000-talet. Gjennom kokeboka møtes liva deira, og me blir tatt med tilbake til Paris på 60-talet og inn i moderne tid i USA. Liva deira vert skildra parallelt, og eit fint fortellar-grep.

Skjermbilde 2016-10-10 kl. 16.33.48.png

Eigentleg vil eg ikkje sei noko meir om filmen og plottet, det må berre opplevast. Stemningen er så autentisk og sjarmerande, og eg ville ikkje at den skulle vere ferdig. Ville berre fortsette å leve litt til i denne verda. Sjølv visste eg (heldigvis) ingenting om filmen før eg såg den, anna enn at den hadde fått 7,0 på imdb, og at Meryl Streep spelte hovudrolla. Elskar å vite minst mogleg, å berre bli teke med på det som skjer, utan noko aning om kva plottet er eller korleis det vil gå.

Skjermbilde 2016-10-10 kl. 16.30.15.png

Eg lo høgt fleire gonger gjennom filmen, var på gråten og sat igjen med ein enorm inspirasjon. Både på kokkelering, men og som ein generell kreativitets-boost. Og eit smil om munnen.

Skjermbilde 2016-10-10 kl. 16.29.50.png

Anbefalast!

Punktjournal – svaret på alt?

bulletjournal.gifI helga starta eg på prosjekt Punktjournal. Etter å ha lese meg opp lenge på kva dette eigentleg er, var eg framleis ikkje overbevist. Men etter ein dag, er eg foreløpig veldig overbevist!

Så, kva er dette: punktjournal?

  • Planleggar, dagbok, kladdebok, og eigentleg det du vil det skal vera.

Eg elskar almanakkar og kalendrar, og har alltid ein ny for kvart år. Like gledeleg og iherdig set eg i gang. Brått er det gått fire månadar, og boka har lugge i ei hylle og støva ned. Eg har ikkje brukt den, og den har ikkje fått gjort oppgåva si.

I ein punktjournal startar du med heilt blanke ark, bokstaveleg talt. Du kan bruke kva som helst av notatbøker og liknande. Berre finn noko, så er du i gong. Dette er nemleg magien med punktjournal: du startar nett når du vil, utan å måtte vente på nytt år eller ny månad. Du brukar berre dei sidene du vil, på det du vil, og slepp å ha dårleg samvit for dei tre vekene som berre forsvann. Sidan du bestemmer alt, er det og fint rom til å ha hugselister, ønskelister, teiknesider, og alt du kan tenka deg, innimellom det ordinære almanakk/kalender-baserte. Du kan òg legge opp kalenderen, akkurat slik det passar deg best. Funka det ikkje? Skift neste månad.

For min del er det desse tre punkta som har gjort meg mest seld på ideèn:

  • Ynskje om å skrive dagbok, men erkjenninga av at kvar gong eg prøver å starta ny dagbok, gløymer eg det eller så sluttar eg fordi det kjennes for krevjande å sette seg til å gjere.
  • Ynskje om å tilpassa almanakken. Dette har eg allereie prøvd på i mange år, med heimelaga almanakkar. No har eg verktøya, og det har gitt så mange a-ha-opplevingar!
  • Ynskje om å kunne drodle og skrible ned ting eg berre må få ut og ned på papir, utan å måtte ha med ei ekstra bok eller føle at eg kludrar til almanakk-/dagbok-sidene.

I ein punktjournal er alt dette veldig lett å kombinera.

No har eg nett starta med dette, og kjem garantert til å få fleire a-ha-opplevingar, som eg gjerne deler vidare når den tid kjem. Foreløpig er dette mine tips på å starta med punktjournal:

  1. Finn deg ei bok du likar – størrelse, hefting og papirkvalitet er viktigast.
  2. Finn ut kva du vil bruke boka til – og kor mange aspekt av livet du vil samle i samme bok. Har du ein kreativ og krevjande jobb, eller tunge studiar kan det kanskje vera ein fordel å ta det i ei eiga punktjournal.
  3. Kikk litt rundt på instagram/pinterest og få inspirasjon – OBS: her er det lett for å bli overvelda av alle artsy fartsy-sidene ein finn. Det treng verkeleg ikkje vera så prydeleg: du bestemmer! (Søk på bullet journal, for å få opp internasjonale treff)
  4. Sett av to sider til innhaldsfortegnelsen, skriv opp nokre sidetal i boka og begynn med det du vil.

Sjølv har eg (foreløpig) gjort det slik:

INNHALD

  • Månadsoversikt (oktober, november, desember)
  • 2017
  • Ad fontes (er PR-sjef i studentpuben, og må hugse ein del ting)
  • Å gjere – ein gong (ting som eg må hugse å gjere, men som endå ikkje er sett til ein spesifkk dato/veke)
  • Sitat (Elskar når folk seie morosamme ting, så dette er kosesida mi)
  • Bøker lest – filmar sett (Likar å ha eit overblikk over kva som blir tatt inn av kultur. Skriv ein setning om boka/filmen/serien osv)
  • Postadresser (Har lyst til å bli flinkare til å sende brev og pakkar – dette er forhåpentlegvis ekstra inspirasjon og motivasjon)
  • Ønskeliste (sidan eg aldri kjem på noko når nokon spør, men alle ønsker seg jo noko)
  • Vekesoversikt
    • Veke 41 og foreløpig: Måndag 10.oktober.
      • Her har eg lagt inn vêr, temperatur, dagens spanske (prøver å læra meg ein frase kvar dag), og det eg elles treng å hugse i dag. Noterer kva eg har gjort (dagbok i kortversjon).

This slideshow requires JavaScript.

Akkurat no har eg ikkje gjort noko meir kunstnarleg ut av det enn eg har gidda, som ikkje har vore så mykje, fordi eg har fokusert meir på å berre få på plass det eg ville. Det fine er at om eg skulle vera i det kreativet hjørnet, er det alltid rom for det òg.

Mitt tips: Begynn med punktjournal – og ikkje bli overvelda av andre: ta det på dine premiss! Det er jo tross alt poenget. Lukke til!

I’m back!

Etter verdens lengste pause, er eg no tilbake. Lang tid med hefitg forelskelse og distraksjonar, har lagt seg i ein litt meir permanent og stabil elsk, med rom og tid for å gjere meir “meg”-ting. Eg har starta nettbutikk, og kosar meg med småputling. Elles er eg stadig student, og stadig på jakt etter den perfekte studiekvardag og sjølvdisiplin.

giphy.gif

Eg vil framleis skrive om litt av kvart, som rører meg. Elles blir det tips og triks, og freebies som før🙂

Genial studentdekor

Etter ein tur i bokhandlaren i dag, slo det meg: dette er jo genialt! Mange av oss bur gjerne nokså stusseleg, det skal jo vera billig! Måleri, dyre rammer, lerret og liknande kan fort bli for dyrt om det er slik ein vil pynte opp i heimen. Men, i have good news!

GRa7fIM

No i januar og utover kjem bokhandlarane til å selgje ut kalendarar ganske rimeleg. I det eit år er i gong, er det liksom ikkje like attraktivt å kjøpe kalendrar. Mange av desse kalendrane har fine motiv, i passeleg storleik (ein kan jo kjøpa dei storleikane som passar for seg).

DSCF5131

Riv ut arka forsiktig, finn litt grøn “tack it” og plasser der du vil på veggen. Dette er sjølvsagd også genialt fordi mange av oss leiger og har ikkje høve til å berre spikra opp for å henge opp eit innramma bilete. I kvar kalender har du jo 12 motiv, heng opp det du vil og skift ut når du vil.

DSCF5133

DSCF5136

Kos deg med ein litt koseligare studentheim!

self_high_five

Livet (nestan) utan smarttelefon

No har eg flytta inn i ein liten studenthybel her i Bergen. Men med mykje farting att og fram, bortlåning av Mac-en og ein smartmobil som berre virkar når den vil, har eg ikkje komt meg ordentleg “online” endå.

Og det har vore så deilig!

Eg har lese meir Brått fekk eg meir tid til å lesa, noko som fortsette sjølv om eg ikkje er heime utan internett. På bussen, på ferja, på Kvarteret og andre plassar. Eg hadde heilt gløymd at det går an å gå medan ein les, det har eg sikkert ikkje gjort sidan eg var 13 år gamal!

read-books

Eg har sett mindre hjernedødt, og meir smart på TV Eg har vore så heldig at eg leiger med TV. Dette vil sei at eg på ny har fått oppleva å ligge på senga og shuffle gjennom kanalane. Og enten er det ein kjekk dokumentar på NRK, eller så er det berre kjedelege seriar og eg skrur av. Med internett har ein jo berre ein evig straum av favorittseriane tilgjengeleg heile tida, heile døgnet.

Når eg er heime hos mamma og pappa i helgane oppdaterer eg podcast-lista mi, og for å ikkje berre ha noko å høyra på har eg også lasta ned TEDtalks. Så mykje gøy og interessant!

Eg har fått meir påskudd til å gå ut og gjera ting Let’s be honest, det kan bli ganske kjedeleg åleine i ein pitteliten studenthybel. Særleg utan internettilgong. Så av og til har eg teke med meg iPaden, sete meg på bussen og tura ned til Kvarteret for å få internett, sjå ein episode av eittelleranna, sjekka mail osv. Eller gått på ulike arrangement og konsertar og prata meir med vener.

1163

Eg har teke fleire bilete og vore meir i nuet Fram med kompaktkamera eller speilrefleksen. Ta det bilete på konserten og så legge ned kameraet. Ikkje tenka på hashtags, ein vittig kommentar og kva filter som passar best.

music_concert-wallpaper-800x600

Joda, eg har jo hatt litt internett. Men hallo, kven greier seg vel heilt utan 4G, når ein har 4G?

Funniest_Memes_home-is-where-your-wifi-connects-automatically_5160

 

 

Korleis blogge

4gifs.com-GET-OUT-GET-OUT

No skal ikkje eg akkurat skryte på meg noko fotballfrue-bloggstatus. Men eg har likevel fått fleire erfaringar og lærdomar av å halde på å skriva for de 10-20 som stikk innom bloggen av og til. Så eg tenkte eg kunne dela litt her. Tips og triks og erfaringar:

1) Finn tre (maks) tema som interesserer deg spesielt, ein av dei kan gjerne vere eit slikt som med jamne mellomrom blir litt aktuelt. Slik har du i alle fall eitt tema som alltid kan skrivast om.

content-marketing

2) Følg andre bloggar! Les, kommenter og lær av dei du ser opp til. Ein kjempefin muligheit til å bli kjend med nye tankar og folk.

3) For å ikkje gå tom for inspirasjon og innhald er det lurt å skrive kladdar kvar gong du kjem på noko lurt! Då er det lettare å få kontinuitet i kor ofte du postar innlegg, og enklare å skriva vidare på noko om du skulle mangla idear ein dag.

michaelscott

4) Sjekk statistikken, sjå kor lesarane dine fant deg og bruk denne informasjonen

blogging-is-like-theatre-overly-attached-girlfriend-meme-300x278

5) Sørg for at du har eit estetisk design. Oversikteleg, men likevel med karakter og personlegdom

6) Ha ei “bli kjend side”

7) Bruk merkelappar, kategoriar og stikkord flittig på innlegga dine!

8) Ikkje blogg bare fordi du føler du må ha så og så mange blogginnlegg i veka. Det er betre med litt færre, men gode innlegg.

blog

9) Lag ei facebook-side eller ein anna kanal å vise bloggen gjennom.

10) Prøv å gjere ting visuelt. Bloggverda er ein stad der det vert scrolla mykje og raskt.

Blog-meme-2.0

 

Lytte-favorittar

Eg reiser utruleg mykje, gjerne på den perfekte lengda 2 timar og 10minutt. Det er på minuttet så lang tid det tek å reise heim frå Bergen.  Men det er dødskjedeleg, særleg når ein vert bilsjuk berre av tanken på å lesa samtidig. Så takk for gode podcastar!

No er det sommar og endå meir perfekt for podcast-lytting. Anten på stranda, på fjelltur, på terassen, i graset, på flyet til Ungarn eller toget til Oslo.

Så her kjem mine tre podcast-favorittar!

lørdagsrådet

3. LØRDAGSRÅDET

Av og til lurar ein på utruleg rare ting, og eller tilsynelatande umoglege spørsmål: Kven har eigentleg ansvaret for å plukke opp hårtjafset i dusjen? Er det normalt at romkameraten vil ha stol i dusjen? Skal eg reise på utveksling til Dritlangtvekkistan? Når kan eg skifte relationship-status på Facebook? Kan eg be om å få tilbake dei pengane? Korleis sjekkar ein eigentleg opp folk? Oi shit, eg sende ein altfor drøy sms til fullstendig feil person, kva gjer eg?!

Lørdagsrådet på P3 med Siri Kristiansen som programleiar tek opp alle slike spørsmål. Saman med kjende og kjære personlegdomar i landet drøftar dei desse problema, med visdom og humor og hjelper folket. Så, har du nett blitt dumpa, blitt forelska, flytta, fått born, blitt student eller berre er litt forvirra: send inn eit spørsmål, eller berre høyr på at det finst folk som er meir “lost” enn deg.

PS: Sjå den serien på TV: Rådet på NRK3

Her i iTunes!

radioresepsjonen

2. RADIORESEPSJONEN

Ahh, klassikaren. Tore Sagen, Bjarte Tjøstheim og Steinar Sagen. Dei tre rare, koselege og GÆRNE menna som har sutte i radioen din dei siste 7 åra og prata om alt i frå apecum, øltesting, fucka datasupport, urinering i snøen til livet som småbarnsforeldre og tankar om pappapermisjon, kokkelering, korsang og synsing rundt spørsmål om alt i frå hot couture til pikk på panna eller panne på pikken?

Litt crazy, utruleg morosamt, og venskap frå tre utruleg gode vener som alltid er der. Spesielt når bussturen tilbake til heimbygda blir litt for lang og kjedeleg. Hugs å ikkje le høgt! Då blir dei andre busspassasjerane litt rare. (les: sure?)

Her i iTunes og her på internett!

tusvikogtønne

1. TUSVIK & TØNNE

Å herregud. Den største fullstendig frittståande podcasten i landet. Komikarane Lisa Tønne og Sigrid Bonde Tusvik hadde for ikkje lenge sidan si 80-ande podcastsending, og ligg faktisk over Radioresepsjonen på iTunes! Grunnen til dette trur eg er ganske enkel å forklara: det er jo dritbra. Og me blei avhengige. Dei to damene har tourettes på pung, og har blandt anna oppfunne geniale ord og uttrykk som: hyssingfarga, bajsflickan, tåkefyrste, ond tiss, skam på skambein, reidun (virvellaus og litt tilbakeståande), rotorfjes, onanasje og mykje meir.

Dei er ærlege, galne, litt ustabile, kloke, og lærer oss jenter der ute at me må gå på ropekurs. Vere morosame, sei det me vil, føle oss litt sprø, og om at det eigentleg ikkje er greit å låse seg inn på badet og slutte å prate når du hatar sambuaren din, men at det blir litt umogleg å slutte med det likevel.

Sjølv om det gjerne blir litt mykje hoppetiss og pung, kjem dei like gjerne med spontane og geniale muntlege kronikkar om alt i frå pappapermisjon, abortlov, Malala, oppdraging og at alle burde gå til psykolog. Høyr og lær. Men mest: le deg i hjel. Medan du lurer litt på kor bra dette eigentleg kan vere for deg.

Sjå dei på Lindmo!

Tusvik & Tønne i iTunes her

og på Facebook her

Ein shout-out

For nokre dagar sidan skreiv eg om kor mykje stigma som er assosiert med å kalla seg feminist. I den forbindelse synst eg det kunne vera fint å trekka fram dei som gjer ein god innsats for å variera dette inntrykket. For det er mange som skriv og bloggar om dette temaet, og som ofte er veldig flinke. Problemet er likevel at det ofte blir gjort på ein veldig lite tilgjengelig måte. Med veldig mykje, tung tekst og skrive for medfeministar. Men då blir det jo også sjeldant andre enn folk som allereie er godt engasjert i feminisme, som les dette og diskuterer. Eg vil gjerne at fleire skal få møte feminismen, bli bevisste og  velgje om dei vil kalle seg feministar og om dei meiner feminisme er viktig i dag og. Men for å kunne ta eit opplyst val og bli bevisst må ein altså bli møtt med holdningar og syn som kan “hjelpa dei” på vegen. Då må nok dette gjerast på mykje meir tilgjengelege måtar, og utan noko press og ovanfrå-ned-haldning.

logo-under-arbeid-feministisk-tidsskrift

Og det er her me kjem til overskrifta og grunnen til at eg skriv dette innlegget. Eg vil rett og slett gi ein stor shout out til Under Arbeid. Eit feministisk tidskrift skriven av mange ulike forfattar.

Skjermbilde 2014-04-12 kl. 18.24.22Dei skriv enkelt, underhaldande men og bra og presist om ulike feministtema. Dei skriv om dagsaktuelle eller evigaktuelle tema, skriv om tankar rundt det å vere ein bevisst feminist, og fortel om feministrelaterte arrangement og hendingar. Men ikkje minst har dei teke innover seg internettkulturen og lesarane av 2014. Me likar linkar, filmar, gif’s, bilete og anna knask. Som er underhaldande, men samtidig opplysande.

Dette gjer at kven som helst kan (og får lyst til) lese desse artiklane, og bloggpostane. Kven som helst kan bli underhaldt, opplyst og delta i diskusjon etterpå.

Tusen takk for at de hjelp til med å gjera feministomgrepet litt meir opplyst, og variert frå det samfunnet ofte ser ut til å blanda med anti-feminist-definisjonen.

anti-feminist-robertson

 

Du kan jo byrje med å lese “Til deg som er usikker på hva det er du føler på: kanskje du er feminist?”
malefeminist

Så; UnderArbeid, takk og stå på vidare!

thumbsup-alec

 

 

 

 

Eg er feminist

Dei siste dagane har eg lese fleire kronikkar om kjønn og kjønnssyn, blandt anna denne denne  velskrivne om “Det dekorative kjønn” av Hilde Sofie Pettersen. Blar du litt ned får du som vanleg sjå eit hav av slitsomme kommentarar frå menn, men også kvinner, som nok ein gong ikkje vil lytte, bare fordi dette er “feministprat” og då er det ikkje verd å lytte til. Bare derfor. Bare fordi forfattaren er feminist, så er altså ingenting av det ho seier, verd å høyre på.

tumblr_inline_mln0a3swaT1qz4rgp

Eg synst det er synd at så få kallar seg feministar, og at uttrykket har blitt eit skjellsord meir enn noko anna. I Dagbladet skreiv Ellen Engelstad om ei undersøking gjort av  Norstat, for produksjonsselskapet Funkenhauser, om andelen av befolkningen som kaller seg feminist fordelt på kjønn, landsdel, partier og utdanningsnivå. Og resultatet er litt nedslåande, men likevel ganske som forventa. 

 

heilmars-GjenopprettetTil og med blandt folk med høgare utdanning innanfor humaniora eller samfunnsfag, er det berre 21%. Engelstad skriv om kvifor ho trur det er slik, og meiner blandt anna at feministane kanskje har vore litt for navlebeskuande? Det kan ikkje eg svare på, men eg kan oppfordra fleire til å vera meir bevisste i kvardagen. For slik eg opplever det er mykje av problemet at ganske få eigentleg er bevisste på alt som skjer som konsekvens av eit dårleg kvinnesyn, og alt som er blitt så vanleg at det krever arbeid å i det heile tatt bli oppmerksom på det. For eg trur mange fleire eigentleg ville kalt seg sjølv feministar. Me må få vekk bilete på feministar som utelukkande mannehatarar,  bh-brennarar, og middeladrande bitre damer med hårete leggar som ikkje får seg eit ligg. Seriøst. Om folk vart meir bevisste på kva feminisme eigentleg er, ville dei kanskje også greid å reagere når du sa du var feminist, og ikkje minst hadde det gjort det mindre ubehageleg å nesten “komma ut” som feminist. Eg las nyleg ein utruleg bra blogpost om dette, og korleis ein kan prata med folk som ikkje forstår, på killerqueen sin blogg, les den!

feminists_hate_men_by_gyno_star-d6pq1kx

Eg hatar at det er slik, men eg merkar at det til og med for meg framleis er litt vanskeleg å skriva orda: Eg er feminist. Ikkje minst å sei det! Men det er jo så dust! Eg er jo det: Ein feminist.

Eg er feminist. Er du?

 

Liebe liebe Liebester

LiebsterAwardFor ei stund sidan (lenge ups.) fekk eg Liebster-award frå Line som har bloggen Sjefenogjeg. Og her kjem svara mine:

1. Når blir du redd?

Hmm, ca. heile tida. Når eg må logge meg inn på nettbanken (og held meg over augo). Når eg skrur av lysa og må gå heile vegen til soverommet i mørkret. Då hoppar eg opp i senga så “mordaren” under senga ikkje skal dra meg ned etter beina. Og når eg går åleine i mørkret og stega mine høyrest ut som om nokon går etter meg. Tips: ikkje spring! Då blir du bare livredd.

2. Kulepenn eller blyant?

Kulepenn!

3. Favorittspill/lek fra barndommen?

Twister! Helst på klassefest, saman med han du likte ekstra godt for då måtte ein stå heilt heilt inntil kvarandre, og berre vente på å dette.

4. Kleineste øyeblikk?

Dei gongane ein pratar og etterkvart innser at ingen høyrer på, så må ein fade ut og late som om ein aldri snakka in the first place.

5. Minimalistisk eller overfylt hjem?

Tregolv, veggar malt i gøye fargar og altfor mange ting!

7. Hva prioriterer du i hverdagen?

Å synga, dansa og le!

8. Hva er din største uvane?

Elendig sjølvdisiplin og litt for stor tru på skippertakstaktikken.

9. Hvis du kunne vært Kong Harald for en dag ville du…?

Snakka om likestilling og viktige ting, men óg gitt godteri til alle og sunge ein sang. (fordi alle blir glade når mektige folk syng, sjå: obama)

10. La du merke til at jeg hoppet over nummer seks før du leste dette?

Haha, nope.

 

June sin blogg med nydelege bilete, fine tankar og tips! Karoline sin blogg med masse fine tankar, tips og bilete. Mari som skriv fine småtekstar, om livet men mest om bøker. Nursenadia som skriv fint om stort og lite i livet, livet som nurse, og har masse søte bilete og gode ord.

Her er kjem 10 spørsmål de (må) kan svara på, og så kan de dela ut prisen til nokre de syns fortener det!🙂

1. Kva butikk er du oftast innom?

2. Kva er den beste eigenskapen din?

3. Kva drøymer du om?

4. Kva er det viktigaste som har skjedd i livet ditt til no?

5. Kor gamal synst du at du er?

6. Når var du sist stolt over deg sjølv?

7. Når dansa du sist, og kvifor?

8. Kven er dei tre kulaste personane du veit om?

9. Kva skulle du ønska du hadde turt å gjort/sagt?

10. Kven er helten din?

 

Oi, livet byrjar no. og eg kan gjer kva eg vil!

For nokre veker sidan skreiv litt om min bråe angst rundt det å brått befinna seg i ti-året of a lifetime(20-30år)  Ti-året alt skal skje, eg skal vere ungdom, bli vaksen og staka vegen for framtida. Og eg syntes det vart litt for overveldande. Men, no har eg fått tenkt litt meir på det, og fått ei nestan endå meir overveldande openbaring: Eg kan gjer KVA EG VIL! Herlighet, her kjem openbaringane på rad og rekke. Kjente meg litt sånn då eg innsåg det:

Ron-Swanson-is-excited Happy_gif

Eg veit ikkje kvifor, men eg har liksom vore stuck i ein tanke om at eg skulle gå på vidaregåande, gå på universitetet, bli det eg studerte, få jobb, få ungar, bli gamal. Så utruleg kjedelg og “safe”t. Så trygt og vanleg at eg på ein måte bare aldri eigentleg har tenkt over det. Aldri teke noko bevisst val eller stilling til mitt eige liv! Men brått gjekk det altså opp for meg. Eg treng ikkje ein gong studera til hausten! Eg kan reise til Italia og jobbe på ein restaurant og bli kjend med nye folk, eg kan søke på jobb som barnetv-programleiar eller noko heilt anna. Eg kan berre ta moglegheitane eg får, og gjer kva eg vil med dei. Eg må ikkje studera! Eg må ikkje vita kva eg vil! Eg må ikkje ha dei neste åra planlagd til punkt og prikke i hovudet. Eg må ingenting, og eg kan gjera alt.

happy

Oi.

965

For det gjer jo og verda litt skumlare, og livet endå litt vanskelegare å forholda seg til. For uansett kor lite eg  studera, eller andre ting, så eg jo gjer noko. Og no har eg altså tillete meg absolutt alle tenkelege val og alternativ. Det var kanskje best då eg levde i mi ignorante, vesle boble? Samtidig kjennest det fantastisk befriande å ha innsett dette. At eg faktisk er 100% i kontroll over mitt eige liv. Og det har eg faktisk aldri vore før!

Så utruleg skummelt og usikkert, men likevel så delig og frigjerande! Eg gler meg til det neste tiåret, og gler meg til å sjå kvar livet og vala tar meg…

Cappadocia hot air ballooning

Foto

For ein dag!

Herlighet for ein dag!

8.mars, den internasjonale kvinnedagen. 8.mars 2014 – dagen då me fekk rekordoppmøte på mange av markeringane i heile landet. I Oslo var dei over 10.000 som møtte opp, i Trondheim hadde dei rekordoppmøte og også i Bergen knuste me rekordane frå 70-talet.

Grunnen til dette var sjølvsagd hovudparolen “Forsvar abortloven – nei til reservasjonsrett”, men slapp av Dagrun Eriksen, det var og mange som tok for seg meir internasjonale saker som til dømes tvangsekteskap, vald, valdtekt, like rettar for alle kvinner i alle land osb. Det eg tenkjer om at likestillingsminister Solveig Horne ikkje møtte opp i dag, treng eg vel ikkje nemna. Men det er kanskje forståeleg når hovudparolen gjekk i mot hennar parti, sjølv om det jo var mange andre parolar ho kunne gått under…

Uansett var det ei viktig og fin markering å få vera med på, og eg håpar alle andre som deltok rundt i landet også sat igjen med den same kjensla som meg! (men forhåpentlegvis litt mindre snufsete, iskalde og våte)

Sjå intervju med Jens Stoltenberg frå markeringa i Oslo, her på DbTv og utdrag frå markeringane i heile landet på NRK her.

Stort oppmøte i Bergen i år

DSCF2081 DSCF2080

Det var og mange som stilte opp i rødstrømperDSCF2076

DSCF2083DSCF2074

Og det var og fem kalde, våte, men engasjerte ungdomar som vart med på å ta ein selfie (i Oscar-stil) og hashtagge #rødstrømpe #8mars #reservasjonsrett1911771_10151988880331232_499285620_n

Gratulera med dagen!